Bru er ei øy i Ryfylke i Rogaland med eit areal på ca. 3 km². Byfjorden skil Bru frå Randaberg på fastlandet i vest. Øya har spor av menneskeleg aktivitet frå bronsealderen. Tradisjonelle levevegar er fiske og jordbruk.

Bru
Geografi
Stad Byfjorden i Stavanger
Koordinatar 59°02′30″N 05°38′36″E / 59.04167°N 5.64333°E / 59.04167; 5.64333

Areal 3 km²

Høgaste punkt Brufjellet (91 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Rogaland
Største busetnad Bru (259 innb.)

Namnet Bru kan ha opphav frå norrønt brún, 'skarp kant', og kan vise til den bratte skrenten frå platået på Brufjellet ned mot Byfjorden.

Skildring endre

Øya Bru er knytt til øya Sokn i nordaust med ei kort bru, Sokn er igjen bunden saman med både Mosterøy og Åmøy via bruer. Byfjordtunnelen har det austlege innlaupet på Sokn, og er ein del av Rennfast og Europaveg 39. Ein kommunal kai på Bru gjev hamn for fiske og fritidsbåtar. I dag er øya Bru ein del av Stavanger kommune, i perioden 1965 til og med 2019 i Rennesøy kommune, før 1965 i dåverande Mosterøy kommune.

Det finst fleire kulturminne på Bru. Ørnavika har helleristingar med motiv av båtar og skip frå bronsealder og tidleg jernalder. Gravhaugar frå bronsealderen er funne fleire stader. Ei middelalderkyrkje blei riven på 1800-talet, i dag er det ingen synlege restar av bygningen. Ved hamna ligg eit sjøhus som har vore brukt til sildesalteri, det er frå ca. år 1850.

Næringsverksemda er gardsbruka rundt på øya samt verksemda Rennesøy Fisk og Skalldyrmottak ved den kommunale kaien. Mottaket er skildra som den mest vektige for fiskarar i Ryfylke og vektig for fiskerinæringa i Rogaland.[1] Kulturbruk 44/4 på Bru er ein ombygd låve som blir leigd ut som konsertlokale, konferanselokale og selskapslokale. Det blir halde rundt seks konsertar i året, mange med klassisk musikk. Lokalet har ein kapasitet på opptil 120 gjestar.[2] Som ein del av europeisk kulturhovudstad 2008, gjorde kunstnarar ei landskapskunstutstilling i området ved låven. Sju kunstverk frå utstillinga står att i landskapet.[3] Busetjinga ligg rundt dei to hamnene på søraustsida av øya. Det som Statistisk sentralbyrå definerer som tettstaden Bru hadde 259 innbyggjarar i 2019.

Kjelder endre

Referansar
  1. Rennesøy kommune - innsigelse til reguleringsplan for Bru kaiområde Brev frå Miljøverndepartemenet, 20, november 2007, henta 21. juli 2020
  2. Oversyn kulturscener i Rogaland Artikkel i Stavanger Aftenblad, 3. januar 2020, henta 22. juli 2020
  3. Kulturbruk 44/4 nettside Henta 22. juli 2020