Opna hovudmenyen
Mosterøy (øy)
Rennesøy (venstre) og Mosterøy (høgre).
Rennesøy (venstre) og Mosterøy (høgre).
Geografi
Norway - Mosterøy.png
Stad Boknafjorden
Koordinatar 59°05′00″N 05°38′11″EKoordinatar: 59°05′00″N 05°38′11″E

Areal 12 km²

Høgaste punkt Mastravarden (154 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Rogaland
Største busetnad Askje

Mosterøy er ei øy og eit sokn i Rennesøy kommune i Ryfylke. Mosterøy sokn har òg vore ein eigen kommune og er kjend for Utstein kloster som ligg på Klosterøy, nørdst i soknet. Europaveg 39 går over Mosterøy, som del av Rennfast-sambandet. Sjølve øya har 945 innbyggjarar (2013) og eit areal på 12 km².

Mosterøy soknEndra

Mosterøy sokn har 1 944 innbyggjarar (2013) og eit areal på 23 km².

Mosterøy var frå mellomalderen delt på Askje sokn og Utstein kloster sokn. Askje omfatta øyane Bru og Sokn, vestre delen av Åmøy og søre delen av Mosterøy, mens Utstein kloster omfatta Klosterøy, Fjøløy og nordre delen av Mosterøy. 1899 vart dei to sokna slegne saman, og Mosterøy sokn vart skipa. Frå 1997 høyrer soknet til Tungenes prosti.[1]

Mosterøy kommuneEndra

Mosterøy var ei tid namn på ein kommune i Rogaland fylke, med Askje som kommunesenter.

  • Mosterøy vart skild ut frå Rennesøy kommune i 1884. Den omfatta då dei tre sokna Askje, Utstein kloster og Kvitsøy og hadde 1 309 innbyggjarar.
  • I 1923 vart så Kvitsøy skild ut som eigen kommune. Mosterøy hadde etter frådelinga 745 innbyggjarar.
  • I 1965 vart Mosterøy, då med 817 innbyggjarar, innlemma att i Rennesøy kommune.

KjelderEndra