Øye kyrkje i Vang
kyrkje i Vang kommune
(Omdirigert frå Øye kyrkje i Valdres)
Øye kyrkje er ei langkyrkje i Vang kommune i Innlandet. Kyrkja avløyste Øye stavkyrkje. Sjølve kyrkja er lafta (med gavlar i bindingsverk), medan sakristiet i bindingsverk er frå 1900.
Øye kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Vang | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Hamar | ||
Prosti | Valdres | ||
Sokn | Øye | ||
Fellesråd | Vang | ||
Type | langkyrkje | ||
Material | tre | ||
Innvigd | 1747 | ||
• Endringar | Rest. 1900, 1946–47, 1950-åra | ||
Takryttar | På skipet | ||
Klokker | Olsen Nauen, 1970 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | 1839? (eldre stol ombygd) | ||
Døypefont | Ca. 1800 | ||
Altartavle | Tomas Tomasson Tørstad (måla av Gullik Knutsson Hovda 1837) | ||
Orgel | Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk, 1961 | ||
Sitjeplassar | 115 | ||
Øye kyrkje 61°10′02″N 8°23′58″E / 61.16716944°N 8.39939167°E | |||
Wikimedia Commons: Øye kirke |
Ved ei vøling i 1935 fann ein 156 delar frå stavkyrkja under kyrkjegolvet. Med utgangspunkt i desse vart stavkyrkja rekonstruert på 1950-talet etter planar av Ole Øvergaard.
Litteratur
endre- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 580. ISBN 82-7527-022-7.
Bakgrunnsstoff
endre- Øye kyrkje i «Norges kirker»
- «Øye kyrkje i Vang». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Øye kyrkje i Vang i kulturminnesok.no, nettstaden til RiksantikvarenDenne kyrkjeartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.