Øystat er eit omgrep for statar som ligg på ei eller fleire øyar. 47 av landa i verda er øystatar, mellom desse dei fleste mikrostatane.[1]

Øystatar i verda.
Land i verda utan landgrenser.

Øystater kan delast inn i to hovudgrupper. Den første er øystatar som er store, relativt folkerike og vanlegvis ligg i nærleiken av eit kontinent. Desse inkluderer Storbritannia, Irland, Japan, Indonesia, Filippinane, Madagaskar og New Zealand. Desse statane har som regel kulturelle og politiske likskapaer med fastlandsnaboane sine. Statusen som øy har tidvis vore ein viktig fordel som har isolert dei frå invasjon og gjort dei viktige i regional handel på grunn av staden dei ligg og dei maritime ferdigheitene til innbyggjarane. Australia kan plasserast i denne kategorien i vidaste forstand, som ei øy så stor at ho er rekna som eit kontinent.

Mindre øystatar som Komorane, Bahamas, Tonga og Maldivane skil seg ofte svært mykje frå fastlandsstater. Den vesle storleiken betyr vanlegvis at dei har små landbruksområde og få naturressursar. Mange mindre øystatar har i moderne tid blitt trekkplaster for turisme, som i dag ofte er den dominerande næringa.

Nokre øystatar er samla på ei eller to hovudøyar, som Storbritannia, Taiwan, Singapore og Fiji. Andre er spreidde utover hundrevis eller tusenvis av mindre øyar, som Indonesia eller Maldivane. Nokre øystatar deler øyane sine med andre statar. Desse inkluderer Irland/Storbritannia, Indonesia/Papua Ny-Guinea og Haiti/Den dominikanske republikken.

Kjelder endre

  1. Ott, Dana (2000). Small is Democratic. Routledge. s. 128. ISBN 0-8153-3910-0.  Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.