Øyvind Brække (fødd 25. august 1969) er ein norsk jazztrombonist, komponist og orkesterleiar, kjend frå ei rekkje innspelingar, ofte med storband.[1]

Øyvind Brække

Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. august 1969 (54 år)
Bærum kommune
Yrke jazzmusikar, komponist
Språk norsk

Han voks opp i Bærum, der han spelte med Sandvika Storband, han studerte ved Jazzlinja i Trondheim (1991-93) og spelte i fleire orkester i Trondheim, som Bodega Band og S. Møller Storband som han var leiar av. Han etablerte det populære bandet The Source som har gjeve ut fleire plater. Han har òg gjeve ut plater med Didrik Ingvaldsen, Trondheim Jazzorkester, Ratataboo, Jazzmob, Knut Kristiansen, Håvard Lund, Jacob Young, Trygve Seim, Dingobats, Sverre Gjørvad, Erlend Skomsvoll, Come Shine, Crimetime Orchestra, Sharp 9, Norske Store Orkester, Trude Eick og Torbjörn Zetterberg.

Referansar endre