Øyvind Stene (fødd 18. november 1947) er ein norsk organisasjonsleiar, næringslivsleiar og sivilingeniør. Frå 2006 til 2012 var han generalsekretær i Redningsselskapet.

Øyvind Stene
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. november 1947 (76 år)
Førde
Yrke sivilingeniør, direktør

Stene er utdanna sivilingeniør ved NTH (no NTNU). Han er fødd i Førde i Sogn og Fjordane, men har vore busett i Asker i fleire år. Han byrja karrieren sin i selskapet Viak og var etter det direktør i Norges Sjøkartverk i perioden 1984–1990. I perioden 1990–1996 var han direktør (kartverksjef) i Statens Kartverk, og frå 1996 til 1998 var han administrerande direktør i navigasjonsselskapet Blom AS. Frå 2000 til 2006 var han kystdirektør i Kystverket i ein åremålsperiode på seks år.

I april 2006 vart det kjent at han ville byrje i stillinga som generalsekretær for Redningsselskapet.[1] Stene overtok i oktober ein organisasjon som var prega av mykje intern uro grunna den såkalla e-postsaken og at Datatilsynet hadde politimeldt selskapet. Presidenten i selskapet, Lars Hellandsjø, grunngav valet av Stene med at han er «ein sindig, skikkeleg og ryddig mann med gode samarbeidsevner». Han vart vald framfor 70 andre søkjarar, der fleire av dei var profilerte personar.

Stene var på slutten av 1970-talet NORAD-ekspert i Zambia.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. «Øyvind Stene ny generalsekretær Redningsselskapet Arkivert 2006-10-24 ved Wayback Machine.» av Frode Pedersen på Batliv.com (19.04.2006).