Øyvind Vågnes (4. august 19727. januar 2025) var ein norsk forfattar som var fødd i Brattvåg og busett i Bergen.[1] Han debuterte litterært i 2003 med romanen Ingen skal sove i natt. For Ekko fekk han Nynorsk Litteraturpris 2005.[2]

Øyvind Vågnes
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. august 1972 (52 år)
Ålesund kommune
Død

7. januar 2025
Bergen

Yrke Forskar
Periode 2003-2025
Debut Ingen skal sove i natt

Vågnes hadde doktorgraden (dr. art) ved Universitetet i Bergen, og arbeidde som forfattar, forskar, redaktør, omsetjar, og kritikar. Som forskar var Øyvind Vågnes knytt til ei rekkje prosjekt ved Universitetet i Bergen, Syddansk Universitet, og ved Københavns Universitet. Zaprudered: The Kennedy Assassination Film in Visual Culture (2011) vart ei av tre nominerte utgivingar i kategorien medie- og kulturstudier under den årlege utdelinga av American Publishers Awards for Professional and Scholarly Excellence.

På 2000-talet sat Vågnes i redaksjonen til det litterære tidsskriftet Vagant, og frå 2010 fungerte han som ansvarleg redaktør for journalen Ekfrase: Nordisk tidsskrift for visuell kultur (Universitetsforlaget). Omsetjingsarbeidet omfatta m.a. nyare nordamerikansk skjønnlitteratur (Don DeLillo, Lydia Davis, Rick Moody, David Means) og ei rekkje faglitterære artiklar.

Vågnes verka som kritikar i Morgenbladet og i Klassekampen, og skreiv om musikk i vekeavisa Dag & Tid frå 2000.

Utgjevingar

endre
  • Ingen skal sove i natt - roman (2003)
  • Ekko - roman (2005)
  • Sekundet før - roman (2010)
  • Zaprudered: The Kennedy Assassination Film in Visual Culture - fagbok (2011)
  • Kennedybildet - boksingel (2013)
  • Den dokumentariske teikneserien - fagbok (2014)
  • Sone Z - roman (2014)
  • Den vesle blå haien - barnebok (2016)
  • Ei verd utan hestar - roman (2022)

Prisar og utmerkingar

endre
  • Nynorsk litteraturpris 2005, for Ekko
  • Peter C. Rollins Book Award 2013, for Zaprudered: The Kennedy Assassination Film in Visual Culture[3]

Kjelder

endre
  1. «Øyvind_Vågnes» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. «Nynorsk litteraturpris til Øyvind Vågnes». Noregs mållag. Arkivert frå originalen 5. mars 2016. 
  3. «26,6 sekund som endra USA». På Høyden. Arkivert frå originalen 11. september 2014.