Brattvåg
Brattvåg er kommunesenteret i Haram kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden ligg på vestsida av Samfjorden og har tre skular; barneskule, ungdomsskule og vidaregåande. Han husar fabrikkar for Rolls-Royce og Aker Yards.
Brattvåg | |||
tettstad | |||
Brattvåg og Samfjorden sett frå fly.
Foto: per | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Haram | ||
Areal | 1,72 km² | ||
Folketal | 2 423 (2017) | ||
Folketettleik | 1 409 / km² | ||
Postnummer | 6270 | ||
![]() Brattvåg | |||
Wikimedia Commons: Brattvåg | |||
Brattvåg vart busett 17. mars 1912. Då flytte Anna og Iver Skjelten inn i huset dei nett hadde bygd seg i det som då heitte Brattholmvågen. Etter at dei hadde fått bygd kraftverk, bygde dei sildoljefabrikk, guanomylne og jodfabrikk.
Seinare flytte slektningar av Ivar Skjelten til. Dei hjelpte til med industrialiseringa. Åtte år etter det fyrste huset vart bygd var det 22 verksemder i Brattvåg.
Herrelaget til Brattvåg IL spelar i avdeling 9 i 3. divisjon.
KjelderEndra
- Oddgeir Bruaset: Arven. Ålesund 2007. ISBN 978-82-91385-44-0Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.