Đeravica, Djeravica eller Gjeravica (albansk Gjeravica; serbisk Đeravica, Ђеравица) er det høgaste fjellet i Kosovo og det nest høgaste i Prokletije og heile Dei dinariske Alpane. Det har ei høgd på 2656 meter over havet. Fjellet ligg nordvest i Kosovo nær grensa til Albania. I Dei dinariske Alpane er berre Maja Jezercë i Albania høgare med 2694 meter over havet.

Đeravica
fjell
Land  Kosovo
Fjellkjede Prokletije
Høgd 2 656 moh.
Koordinatar 42°31′58″N 20°08′27″E / 42.53278°N 20.14083°E / 42.53278; 20.14083
Kart
Đeravica
42°31′58″N 20°08′27″E / 42.532777777778°N 20.140833333333°E / 42.532777777778; 20.140833333333
Wikimedia Commons: Gjeravica

Mellom 1992 og 2006 var fjellet det høgaste i Den føderale republikken Jugoslavia, og så i statsunionen Serbia og Montenegro. I følgje serbiske styrersmakter som reknar Kosovo som ein del av deira område, er fjellet i dag det høgaste i Serbia.[1]

Fjellet er noko forskjellige frå resten av Prokletije fordi det manglar den steinete, kalksteinsframtoninga som fjella i Albania har. Dette gjer det enklare å nå toppen av fjellet. Det ligg mange små bresjøar nær toppen. Den største av desse er Đeravicasjøen like under toppen, som er kjelda til elva Erenik.

Nærliggande busetnader endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Đeravica