Đetinja
Đetinja (serbisk Ђетиња) er ei elv vest i Serbia, ei 75 km lang kjeldeelv til Zapadna Morava.
Đetinja (Ђетиња) | |||
elv | |||
Elva Đetinja renn gjennom Užice
| |||
Land | Serbia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 1 486 km² | ||
Lengd | 75 km | ||
Vassføring | for ved Vrutci-demninga | ||
• middel | 1,93 m³/s | ||
Kjelde | Zlatibor, vest i Serbia | ||
Munning | Zapadna Morava, nær Požega i Serbia | ||
Đetinja 43°50′50″N 20°04′23″E / 43.847222222222°N 20.073055555556°E | |||
Wikimedia Commons: Đetinja |
Jernbanelinja Beograd-Bar går gjennom Đetinja-dalen.
I følgje ei segn straffa osmanarane, som ein gong styrte her, dei lokale innbyggjarane ved å ta barna deira og kaste dei i elva. Elva vart då kalla Đetinja rijeka, som på den lokale dialekten tyder «barneelva».
Đetinja spring ut frå nordsida av Zlatibor i det vestlege Serbia. Frå kjelda til munningen renn ho austover, gjennom den vesle Kremna-senkinga mellom Tara og Zlatibor. Đetinja har grave ut ei 8 km lang og 300 meter djup kløft. Ved landsbyen Vrutci vart elva demd opp i 1986 og den kunstige Vrutcisjøen vart skapt. Det finst òg eit lite vasskraftverk ved Đetinja i byen Užice, som er det eldste i Serbia teikna etter prinsippa til Nikola Tesla i 1899.
Den største sideelva hennar er Skrapež, og mindre enn ein kilometer lenger nede renn ho saman med Golijska Moravica og dannar Zapadna Morava.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Đetinja» frå Wikipedia på engelsk, den 26. februar 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
- Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6