Zapadna Morava (serbisk Западна Морава, 'Vest-Morava') er ei elv sentralt i Serbia med ei lengd på 308 km. Ho er den eine av to kjeldeelvar til Velika Morava, som ho dannar i lag med Južna Morava.

Zapadna Morava
Западна Морава
elv
Land  Serbia
Nedslagsfelt 15 849 km²
Lengd 308 km
Middelvassføring 120 /s
Kjelde Golija nordaust for Sjenica
Munning Velika Morava ved Stalać
Kart
Zapadna Morava
43°50′50″N 20°04′24″E / 43.8472°N 20.0732°E / 43.8472; 20.0732
Wikimedia Commons: West Morava

Zapadna Morava spring ut frå Taštisletta, aust for byen Požega der elvane Golijska Moravica og Đetinja renn saman. Nord for den vesle byen Stalać, ren ho saman med Južna Morava og dannar Velika Morava.

Zapadna Morava tar imot 85 sideelvar. Elvar var tidlegare lenger (319 km), men på grunn av regulering av elva er ho no kortare. Ho har ei middelvassføring på 120 m³/s, men er kjenneteikna av store variasjonar i vassføringa, som vert særs stor under flaumar.

Ho drenerer eit område på 15 849 km² (42,3 % av heile nedbørsfeltet til Velika Morava), som høyrer til nedslagsfeltet til Svartehavet.

Økonomi

endre

Zapadna Morava er den økonomisk mest utvikla av dei tre Morava-elvane. Med dalen til Ibar, har Zapadna Morava eit stort potensial for straumproduksjon. Vatnet vert òg nytta til vatning.

Kjelder

endre