Šárka Strachová

Šárka Záhrobská, gift Strachová i 2013, (fødd 11. februar 1985) er ein tsjekkisk alpinist frå landsbyen Benecko som i 2007 vart verdsmeister i slalåm, og elles sikra seg to sølvmedaljar og ein bronsemedalje i spesialgreina slalåm under ulike verdsmeisterskap og olympiske leikar i tida 2005-10.

Šárka Strachová


Statsborgarskap Tsjekkia
Fødd 11. februar 1985 (39 år)
Benecko
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2014

Utmerkingar

Senatets minnemedalje i sølv

Aktiv endre

Záhrobská debuterte i VM i alpine greiner 2001 med å verte nummer 21 i storslalåm, fire dagar før hy fylte 16 år. 15. desember 2002 fekk ho sin verdscupdebut og kom på ein overraskande femteplass i slalåm. Under VM i alpine greiner 2003 enda ho på niandeplassen i storslalåm.

Ho vann si fyrste VM-medalje då ho under VM i alpine greiner 2005 i Santa Caterina tok bronsemedaljen i slalåm, der einast kroatiske Janica Kostelić og finske Tanja Poutiainen rann fortare.

Záhrobská fekk si fyrste pallplassering i verdscupen i alpine greiner den 4. januar 2007 i Zagreb. Seks veker seinare, 16. februar 2007, opplevde ho sitt høgdepunkt som alpinist då ho vart verdsmeister i slalåm i Åre, framom favorittane Marlies Schild frå Austerrike og Anja Pärson frå arrangørlandet Sverige.

Den 30. november 2008 vann Záhrobská sin fyrste av to sigrar i verdscuprenn. Ho vann då slalåmrennet i Aspen i Colorado, ein prestasjon ho skulle gjenta same staden eitt år seinare, på ein dag nær. Under VM i alpine greiner 2009 vann ho sølvmedaljen i yndlingsgreina slalåm, året etter tok ho bronsemedaljen i same greina under vinterleikane 2010 i Vancouver. I dei tre alpine skimeisterskapane for perioden 2011-14 var ein åttandeplass i slalåm under VM i alpine greiner 2013 hennar beste plassering.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar