Janica Kostelić (fødd 5. januar 1982) er ein kroatisk tidlegare alpinist som vann verdscupen i alpine greiner i 2001, 2003 og 2006. Ho vann fire olympiske gullmedaljar i 2002 og 2006, i tillegg til fem VM-gull i 2003 og 2005. I alt vann ho ni gullmedaljar og to sølvmedaljar i dei store meisterskapane i tida mellom 2002 og 2006. Alpinisten Ivica Kostelić er bror hennar.

Janica Kostelić


Statsborgarskap Kroatia
Fødd 5. januar 1982 (42 år)
Zagreb
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1998, Alpint under Vinter-OL 2002 – Super-G kvinner, Alpint under Vinter-OL 2006 – Super-G kvinner, Alpint under Vinter-OL 2002 – Storslalåm kvinner, Alpint under Vinter-OL 2002 – Slalåm kvinner, Alpint under Vinter-OL 2002 – Kombinasjon kvinner, Alpint under Vinter-OL 2006 – Kombinasjon kvinner

Utmerkingar

Skieur d’Or, Laureus World Sports Award for Sportswoman of the Year, æresborger av Zagreb, star on Croatian Walk of Fame

Karriere

endre

Janica Kostelić fekk sin fyrste tevlings-siger i verdscupen den 17. januar 1999, då ho vann kombinasjonen i St. Anton. Det store gjennombrotet kom i 2001-sesongen med ni sigrar i verdscuprenn, åtte av dei i yndlingsgreina slalåm, og siger i verdscupen i alpine greiner 2001. Under Vinter-OL 2002 i Salt Lake City tok ho heile fire medaljar, tre gull og ein sølv. Ho vann både slalåm, storslalåm og kombinasjonen, og vart nummer to i super-G, fem hundredels sekund bakom gullmedaljør Daniela Ceccarelli frå Italia.

I 2003-sesongen vann Kostelić verdscupen på suverent vis. Ho vart også verdsmeister i slalåm og i kombinasjonen under VM i alpine greiner 2003 i St. Moritz. Sesongen 2004 deltok ho ikkje i alpinbakken grunna struma og ein langvarig kneskade.

I 2005 sikra Kostelić seg tre gullmedaljar under verdsmeisterskapen i Santa Caterina, i høvesvis slalåm, utfor og kombinasjon. På slutten av same sesongen kjempa ho om sigeren i verdscupen, ein kamp som fyrst vart avgjord i det aller siste rennet. Ho måtte ikkje verte dårlegare enn nummer sju for å vinne den store pokalen, men kom i mål 0,09 sekund for seint. Dermed måtte ho nøye seg med andreplass i verdscupen 2005, tre poeng bak vinnaren Anja Pärson frå Sverige.

Kostelić revansjerte seg mot Pärson i 2006-sesongen og vann ein klar siger framom den svenske kvinna i verdscupen i alpine greiner 2006. Under vinterleikane 2006 i Torino vann Kostelić sitt fjerde OL-gull då ho sigra i kombinasjonen, og sitt andre OL-sølv etter ho vart nummer to bak Michaela Dorfmeister frå Austerrike i super-G-tevlinga. Den 17. mars 2006 tok Kostelić sin 20. verdscupsiger i slalåm, og den 30. og siste tevlings-triumfen i verdscupen.

Kjelder

endre
  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

endre