Švėtė
Švėtė (latvisk Svēte) er ei elv nord i Litauen og sør i Latvia med ei lengd på 123 km. Elva har kjelda si nær Tulominai, om lag 16 km søraust for Kuršėnai. Elva renn gjennom Šiauliai og Joniškis fylke og passerer Žagarė nær grensa til Latvia. Ho er ei av sideelvane til Lielupe og renn ut i denne elva 8 km nordvest for Jelgava. Lielupe renn vidare mot Austersjøen.
Švėtė | |||
elv | |||
Svēte ved Ūziņiem
| |||
Land | Litauen, Latvia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 2 295 km² | ||
Lengd | 123 km | ||
Middelvassføring | 2,7 m³/s | ||
Kjelde | Šiauliai fylke | ||
Munning | Lielupe | ||
Švėtė 56°05′49″N 23°03′15″E / 56.0969°N 23.0542°E | |||
Wikimedia Commons: Švėtė-Svēte |
Dei øvre delane av Švėtė kan tørke heilt inn i tørre somrar. Dei største sideelvane hennar er Šakyna, Žarė, Tervete, Bērze, Žvairilas, Bukiškis, Juodupis, Katmilžis og Vilkija.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Švėtė» frå Wikipedia på engelsk, den 20. januar 2008.