Høgsetestolpar

(Omdirigert frå Ǫndvegissúlur)

Høgsetestolpar (norrønt ǫndvegissúlur) var eit par trestolpar som stod ved høgsetet (norrønt hásæti, andvegi eller ǫndvegi) i norrøne langhus. I ei skildring av stolpane i ei av sogene blir det fortald at dei var utskorne med eit bilde av guden Tor. Islendingesoga Eyrbyggja saga fortel at då Þórólfur Mostrarskegg bygde eit hov på Island hadde høgsetestolpane reginnaglar ('gudenaglar' eller 'maktnaglar') i seg.[1]

Ingolf tager Island i besiddelse (1850). Måleri av Johan Peter Raadsig som framstiller korleis Ingolf Arnarsson kan ha reist høgsetestolpane på Island.

Høgsetestolpane hadde ei viktig kulturell tyding. I fleire norrøne soger, særleg i Landnámabók, blir det fortald at dei første busetjarane på Island under Ingolf Arnarsson lét seg leia av stolpar dei hadde teke med seg heimanfrå og kasta overbord då dei såg land. Der stolpane dreiv i land bygde dei husvære. Den første norrøne garden på Island som låg på staden dagens Reykjavik no ligg, blei plassert på denne måten.[2] Slike handlingar kan tydast som at ein spurte gudane til råds om kvar ein skulle slå seg ned. Ein kan også tenkja seg at ein flytta med seg guden til den nye heimen sin.[3]

Kjelder endre

  1. «Hov»,norron-mytologi.info; Eyrbyggja saga, William Morris & Eirikr Magnusson translation (1892), Ch. 4.
  2. Scigliano, Eric (24 March 2009), «Sagas reveal Vikings were 'first oceanographers'», New Scientist 
  3. Anne Holtsmark (1970). Norrøn mytologi: tro og myter i vikingtiden. Samlaget. s. 28.