-ar
Namneendinga -ar (tidlegare -arr) er mykje brukt i norrøne namnesamansetjingar. Det er ei maskulin ending som ein finn i mannsnamn som Agnar, Ragnar, Magnar, Jardar, Joar og Reidar, Steinar. Vidare er nokre kvinnenamn avleia av desse, til dømes Ragna.
Endinga kjem truleg frå harjaR som tyder hærførar eller krigar.