Magnar er eit mannsnamn sett saman av dei norrøne namnedelane magn, 'styrke', og -ar, moglegvis 'krigar', 'verjar' eller 'spyd'.

Magnar har namnedag den 29. mai.

Namnet er mest utbreidd i Noreg. Bruken av namnet tok til å veksa på 1890-talet. Det var mykje brukt frå rundt 1920 til rundt 1955, då rundt 0,25 % av nyfødde gutar blei kalla Magnar. Fram mot 2000 gjekk bruken så ned. I 2009 var det 2 852 norske menn som heitte Magnar.

Namneberarar endre

Kjelder endre