Agnar er eit mannsnamn av norrønt opphav. Det norrøne Agnarr er truleg sett saman av agi, 'strid, fare' og harjar, 'stridsmann, krigar'. Agnar har namnedag den 21. juni.

Grimne (Odin) får drikke av Agnar, son av Geirrød.

Namnet er ein del brukt på Island, der 0,19 % (290 personar) bar namnet i 2004. Det er noko mindre vanleg i Noreg, der det var mest brukt på 1930-talet, av opptil 0,25 %. I 2009 var det 1 039 norske menn som heitte Agnar. Det er uvanleg i Sverige. Namnedagen for Agnar gjekk ut av den svenske almanakken i 2000. Elles i verda er det lite kjend.

I kulturen endre

Agnar er namnet til både broren og sonen til kong Geirrød i eddadiktet Grimnesmål.

Namneberarar endre

Annan bruk endre

Det første ekstremvêret i Noreg som fekk namn, blei kalla Agnar. Dette fann stad i oktober 2005.

Kjelder endre