Namneendinga -laug har opphav i norrønt og blir brukt i fleire norske kvinnenamn. Det tyder truleg 'vigd til'.

I norrøn tid kunne endinga -laugr også forma mannsnamn, som Gunnlaug i Soga om Gunnlaug Ormstunge. På islandsk og færøysk finn ein framleis endingane -laugur og -leyg i mannsnamn.

Namn Brukarar (2008)
Annlaug 494
Arnlaug 118
Aslaug 5435
Gudlaug 139
Gunnlaug 457
Kjellaug 2342
Oddlaug 997
Sollaug 159
Torlaug 194
Åslaug 390

KjelderEndra