-stan (ـستان, stân) er eit persisk suffiks som tyder 'stad, staden til'[1] eller 'land'.[2] Det er ein del av namnet til mange område, særleg i Sentral- og Sør-Asia, men også i Kaukasus og Russland. Dette er område som historisk er blitt påverka av persisk kultur. Moderne land med -stan i namnet er Afghanistan, Kasakhstan, Kirgisistan, Pakistan, Tadsjikistan, Turkmenistan og Usbekistan. Eit lokalt namn på Armenia er «Hayastan», medan «Hindustan» er eit namn på India på urdu og persisk.

Land med -stan i namnet og (lysegrønt) land med område som har -stan i namnet.

Orddelen kan også brukast meir generelt på persisk og på urdu i ord som rigestân (ریگستان) 'sand-stad, ørken'; Pakistan, 'reinleikslandet'; Hindustan, 'Indus-landet'; golestân (گلستان) 'blomestad, hage' og bengali koborstan (কবরস্থান, koborsthān) 'gravlund, gravstad'.

I norsk samanheng er endinga blitt brukt humoristisk i namn som «Langtvekkistan».

Kjelder endre

  1. Johnson, Bridget. «'Stan Countries – What the Suffix 'Stan' Means». About.com. Arkivert frå originalen den 30. mars 2013. Henta 9. oktober 2012. 
  2. Harper, Douglas. «-stan». Online Etymology Dictionary. Arkivert frå originalen den 1. januar 2014. Henta 18. januar 2013.