139 Juewa

asteroide

139 Juewa er ein veldig stor og mørk asteroide i hovudbeltet. Han er sannsynlegvis samansett av karbonhaldig materiale. Han er den første asteroiden oppdaga frå Kina og blei sett i frå Beijing av den amerikanske astronomen James Craig Watson den 10. oktober 1874. Watson var for tida i Kina for å observera venuspassasjen. Watson spurde vertskapet kva asterodien skulle heita og fekk til svar 瑞華, som i moderne pinyin blir til ruìhuá, men som blei skrive Juewa i tråd med stavekonvensjonane på den tida. Det fulle kinesiske namnet til asteroiden var 瑞華星, som tyder 'Kinas lykkestjerne'. Tre gongar har Juewa blitt observert medan han okkulterte stjerner.

139 Juewa
Oppdaging A
Oppdaga av James Craig Watson
Oppdaga dato 10. oktober 1874
Alternative namn B
Kategori Hovudbeltet
BaneelementC JPL
Epoke 31. desember 2006 (JD 2454100,5)
Solfjerne (aphel, Q) 488,346 mill. km (3,264 AE)
Solnære (perihel, q) 344,626 mill. km (2,304 AE)
Stor halvakse (a) 416,486 mill. km (2,784 AE)
Eksentrisitet (e) 0,173
Omløpsperiode (P) 1696,721 d (4,65 år)
Gjennomsnittleg banefart 17,72 km/s
Gjennomsnittleg anomali (M) 35,886°
Banehelling (i) 10,902°
Lengda til oppstigande knute ) 2,014°
Perihelargument (ω) 166,350°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar 156,6 km
Masse 4,0×1018 kg
Tettleik ? g/cm³
Overflategravitasjon 0,0438 m/s²
Unnsleppingsfart 0,0828 km/s
Rotasjonsperiode ? d
Albedo ?
Spektralklasse CP
Absolutt storleiksklasse: 7,78
Overflatetemperatur: ~167 K