James Craig Watson
James Craig Watson (28. januar 1838–22. november 1880) var ein kanadisk-amerikansk astronom fødd i landsbyen Fingal i Ontario. Familien hans flytta til Ann Arbor i Michigan i 1850.
James Craig Watson | |||
| |||
Fødd | 28. januar 1838 Fingal | ||
---|---|---|---|
Død | 22. november 1880 Madison | ||
Nasjonalitet | USA, Canada | ||
Område | astronomi | ||
Yrke | astronom, universitetslærar | ||
Institusjonar | University of Michigan Detroit-observatoriet | ||
Alma mater | University of Michigan Universitetet i Leipzig | ||
Doktorgradsrettleiar | Karl Christian Bruhns Wilhelm Scheibner | ||
Medlem | National Academy of Sciences American Academy of Arts and Sciences American Philosophical Society |
Då han var 15 år gamal vart han teke opp ved Universitetet i Michigan, der han studerte klassiske språk. Seinare fekk han lektyrar i astronomi av professor Franz Brünnow.
Han var den andre direktøren på Detroit-observatoriet (frå 1863 til 1879), og tok over etter Franz Brünnow. Han skreiv tekstboka Theoretical Astronomy i 1868.
Han oppdaga 22 asteroidar. Oppdagingane hans starta med 79 Eurynome i 1863. Ein av hans asteroideoppdagingar, 139 Juewa, vart gjort frå Beijing der Watson var for å observera venuspassasjen i 1874. Namnet Juewa vart vald av kinesiske embetsmenn Pīnyīn (瑞華, i moderne pīnyīn, ruìhuá).
Han var sterk i trua på at planeten Vulkan eksisterte, ein hypotetisk planet med ein bane nærare Sola enn den til Merkur som ein no veit at ikkje eksisterer (det finst likevel framleis ein liten sjanse for at vulkanoide-asteroidande ekisterer). Han meinte han hadde sett to slike planetar under ei solformørking i juli 1878 frå Wyoming.
Han døydde av bukhinnebetennelse ved ein alder på 42. Han hadde fått tak i ein større sum pengar gjennom ikkje-astronomiske aktivitetar. Desse pengane gjekk etter hans død til James Craig Watson-medaljen, ein medalje som vert delt ut kvart tredje år av National Academy of Sciences for bidrag til astronomien.
Asteroiden 729 Watsonia vart namnsett til minne om han.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «James Craig Watson» frå Wikipedia på engelsk, den 2. februar 2008.
Bakgrunnsstoff
endre- Ein kort biografi av Dictionary of Canadian Biography Online.
- Richard Baum og William Sheehan (1997). «In Search of Planet Vulcan, The Ghost in Newton's Clockwork Machine» ISBN 0-306-45567-6.