2. bergkompani i Den norske brigaden i Skottland

2. bergkompani i Den norske brigaden i Skottland vart til i august 1940 som del av den norske brigaden i Skottland og forlagt til Dumfries. Då hadde kompaniet neminga «2. geværkompani», men var svært lett oppsett. Etter kvart vart det tilpassa strid i fjellende og fekk nemninga «2. bergkompani».

Middag i Kirkenes i juli 1945. Sovjetiske troppar var gruppert i Aust-Finnmark frå oktober 1944 til 25. september 1945. Bak frå høgre oberst Åre Dagfin Dahl, kronprins Olav og øvstkommanderande for sovjetiske styrkar i Aust-Finnmark generalløytnant Sherbakov.

I oktober 1944 vart 208 mann frå 2. bergkompani sende til Murmansk for attachering til 114. infanteridivisjon i Sovjetunionen. Forsvarets Overkommando hadde ynskt å senda ein større styrke, men transport av dei norske soldatane og utstyret deira vart ikkje prioritert av dei allierte. Etter ein del diplomatiske forviklingar vart det semje om å senda ein «symbolsk styrke» på 230, som på grunn av kapasitetsproblem seinare vart redusert til 208. Kompaniet var ikkje trent eller hadde utrusting til vinterkrig, og det var ikkje plass i kryssaren HMS «Berwick» til transportmiddel eller proviant, korkje til seg sjølve eller ein hardt prøva folkesetnad i Finnmark. Kryssaren fekk eskorte frå flåtebasen i Scapa Flow, som var samansett av eit hangarskip og seks jagarar. To store passasjerskip med frigjevne russiske krigsfangar var òg med denne konvoien. Konvoien heldt seg langt unna norskekysten, og gjekk heilt nord til Bjørnøya, men vart likevel angripen fleire gonger av tyske ubåtar og fly.

Kryssaren kom fram til Murmansk den 6. november 1944 utan køyretøy og hestar. 3 dagar seinare vart kompaniet transportert til Petsjenga med eit sovjetisk skip, og vidare på sovjetiske lastebilar til Kirkenes. Mellom den 9. og 11. november kryssa dei norske soldatane grensa inn i Sør-Varanger og vart forlagt til Kirkenes. Thor Heyerdahl deltok i denne styrken og han hadde mellom anna som oppgåve å setja opp radiosamband med London.[1] Soldatane var nok dårleg førebudde på oppgåva, for dei kom snøgt i konflikt med den lokale folkesetnaden, som hadde jobba for tyskarane, og nokre jenter hadde òg skaffa seg tyske kjærastar. I sinne over dette gjekk nokre av soldatane laus på «tyskartausene» og skamklipte dei. Sjølv om kompanisjef Arne D. Dahl fekk sett stoppar for slik åtferd, skapte dette varige mein mellom lokale folk og soldatar frå 2. bergkompani i Sør-Varanger.

Den 24. november vart bergkompaniet sendt til fronten. Oppdraget deira var å rekognosera mot dei tyske styrkane som var under tilbaketrekking, ta fangar og forhøyra desse og å angripa den tyske baktroppen. Kompaniet opererte i tida november–februar uavhengig og spreitt over eit stort område, under arktiske tilhøve og i stadig kontakt med fienden. Dei mista fire mann.

Den 6. februar 1945 vart 2. bergkompani i Finnmark de-attachert frå dei sovjetiske styrkane og overført til Distriktskommando Finnmark under oberst Arne Dagfin Dahl. Dei vart no forsterka med 1300 mann frå dei norske politistyrkane i Sverige og norske kompani som var sette opp i dei frigjorte områda. Ein ny bataljon vart sett opp med mannskap frå 2. bergkompani, 1. og 2. rikspolitikompani, 2. kompani av Varanger bataljon og frivillige frå Alta bataljon.

Bergkompaniet var den einaste norske regulære hærstyrken som deltok i frigjeringa av landet frå okkupasjonsmakta.[2] Den 27. oktober 1945, berre nokre daga før dei varte endeleg dimitterte, paraderte 2. bergkompani framfor kronprins Olav på Slottsplassen i Oslo.

Referansar endre

  1. Heyerdahl, Thor og Christopher Ralling: Thor Heyerdahl.
  2. Det glemte kompani. 2.

Bakgrunnsstoff endre