Andre pinsedag
Andre pinsedag er måndagen etter pinsedagen, eller kvitsun(dagen) som han vart kalla i eldre nynorsk.
Andre pinsedag er tradisjonell gudstenestedag, men kan, avhengig av lokal sed og skikk òg verte nytta til konfirmasjon eller til friluftsgudstenester. Elles har mange annekskyrkjer som ikkje har gudsteneste på pinsedagen istaden gudsteneste denne dagen. Andre pinsedagen plar preiketeksten i Den norske kyrkja vere henta frå Evangeliet etter Johannes; anten den kjende teksten i Johannes 3.16 ff, eller Joh. 6.44 ff, som har same tema.
« | For so elska Gud verdi at han gav Son sin, den einborne, so kvar den som trur på honom, ikkje skal verta fortapt, men hava ævelegt liv. |
» |
— Joh. 3,16 (Studentmaallaget si bibelumsetjing, 1921) |
Helgedag
endreAnnandag pingst var heilagdag i Sverige fram til 2004. I Storbritannia var Whit Monday bank holiday til 1967. Dagen vert halden som helg i mellom anna Frankrike, Tyskland, Sveits, Hellas, Ungarn, Belgia, Nederland og Danmark.