Andrej Rubljov (russisk Андрей Рублёв, fødd 1360) var ein russisk munk og ikonmålar frå Moskva som vart ein ortodoks helgen etter at han døydde. Han kom frå eit velutdanna miljø og skilde seg ut med framifrå visdom. Han lærte målekunsten i Austromarriket og Ungarn.

Andrej Rubljov

Fødd1360-åra
FødestadStorfyrstedømet Moskva
Daud29. januar 1430
DødsstadAndronikov Monastery
Yrkekunstmålar, ikonmålar, miniatyrmaler
Helgendag29. januar, 4. juli
SymbolKledd som ein ortodoks munk, ofte med eit ikon i handa
Helgen iOrtodoks kristendom, den anglikanske kyrkja
Andrej Rubljov: Ikonet av Den heilage Treeininga

Andrej arbeidde ei stund saman med Feofan den greske og var kanskje eleven hans. Gjennom heile livet var Andrej knytt til dei to klostera Troitse-Sergijeva Lavra og Spaso-Andronikov i Moskva. Han vart ein munk i Spaso-Andronikov. I ein andeleg og heilag atmosfære vart munken Andrej opplært til eit heilag liv av munkane rundt seg. I omkring 20 år, fram til han døydde, måla han ikonar saman med venen Daniil Tsjornyj (Daniel den svarte). Det kjende ikonet av Den heilage Treeininga er måla av Andrej Rubljov. Ikonet vert i dag rekna som eit av dei flottaste som er måla.

Andrej har dekorert veggane i Blagovesjenskij-katedralen i Kreml i Moskva, ikonostasisen i Uspenskijkatedralen i Vladimir og sjølve katedralen. I tillegg har han måla Vladimirskaja-ikonet av Jomfru Maria i Vladimir, ikonostasisen og ytterveggene til Uspenskijkatedralen i Zvenigorod (slutten av 1300-talet og byrjinga av 1400-talet), deësisen til ikonostasisen av Marias fødselsdag i klosteret Mar Saba, murar og ikonostasisen i Troitskijkatedralen i Troitse-Sergijeva Lavra og i klosteret Savva-Storozjevskij.

Etter han døydde fekk Danill Tsjornyj, som hadde han i hjarta sitt, eit kall om at Andrej måtte verte kanonisert.

Minnefestdagar for heilage Andrej

endre
  • 4. juli i den julianske kalenderen

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Andrej Rubljov