2867 Šteins

asteroide

2867 Šteins er ein liten asteroide i hovudbeltet oppdaga i 1969 av N. S. Chernykh og namnsett etter Kārlis Šteins, ein latvisk og sovjetisk astronom. Han blei vitja av ESA sin Rosetta-sonde 5. september 2008.

2867 Šteins
Oppdaging
Oppdaga avNikolai Stepanovich Chernykh
Oppdagingsdato4. november 1969
Baneskildring
Epoke 4. februar 2008 (JD 2454500,5)
Aphel405,132 mill. km (2,708 AE)
Perihel301,857 mill. km (2,018 AE)
Eksentrisitet0,146
Banehelling9,946°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar~4,6 km
Masse?×10? kg
? g/cm³
? km/s
? d
Albedo0,10

Ein studie gjennomført av astronomar ved det sørlege europeiske observatoriet viste at Šteins er ein E-type-asteroide med ein diameter på omtrent 4,6 km.[1] Ein lyskurveanalyse gjennomført av Rosetta viste at Šteins har ein rotasjonsperiode på omtrent seks timar, ein irregulær form og ingen månar. [2]

Nærpassering av Rosetta

endre

Den 5. september 2008 flaug Rosetta-sonden forbi Šteins med ein avstand på 800 kilometer og med ein relativt låg fart på 8,6 kilometer per sekund. Sonden returnerte detaljerte bilete, og forma til asteroiden kunne frå den rette vinkelen likna på ein diamant. Bileta viste òg ei rekkje krater, mellom dei eit par større som hadde ein diameter på to kilometer.[3]

Bakgrunnsstoff

endre

Fotnotar

endre
  1. «First albedo determination of 2867 Steins, target of the Rosetta mission», S. Fornasier, I. Belskaya, M. Fulchignoni, M. A. Barucci, C. Barbieri
  2. «OSIRIS camera on Rosetta obtains ‘light curve’ of asteroid Steins», ESA-nettnotis.
  3. «Steins: A diamond in the sky» - ESA-pressemelding etter Rosetta-sonden sin nærpassering av Šteins.