2S1 Gvozdika

(Omdirigert frå 2S1 Gvosdika)

2S1 Gvosdika er ein russisk/ukrainsk sjølvdriven 122 mm haubits.

2S1 Gvozdika

Chasisset til 2S1 Gvosdika er basert på MT-LB pansra personellkøyretøy og utstyrt med ein 2A31 122 mm haubits, som er ein modifisert variant av haubitseren D-30, i eit lukka tårn. Utviklinga av 2S1 vart sett i gang på slutten av 60-talet. Produksjonen byrja i 1971 og dei første eksemplara vart operative i 1973. I 1974 vart 2S1 kjend i Vesten, og fekk nemninga M1974 av NATO.

Skildring

endre

Skroget er båtforma og relativt stort for å gje nok oppdrift til å gjera 2S1 amfibisk. Belta vert brukt for framdrift i vatn og gjev ein fart på opptil 4,5 km/t. Førarplassen er plassert fremst til høgre og føraren er fysisk isolert frå resten av mannskapet med kontakt berre over det interne sambandet. Motoren er plassert rett bak og til venstre for føraren. Haubitsen er plassert i eit elektrisk drive tårn bak på skroget. Tårnet, som rommar 3 av mannskapet, har ein låg profil og kan dreiast 360°. Drivverket er utstyrt med pneumatiske støytdemparar som òg kan brukast til å senka eller heva køyretøyet avhengig av terreng og er utstyrt med belte med ei breidd på 40 cm, men kan utstyrast med belte med ei breidd på 67 cm for køyring i snø eller annan laus grunn. 2S1 er utstyrt med med eit system for vern mot abc-våpen og nattsikte for førar og vognkommandør.

Hovudbestykninga er ein 122 mm 2A31 haubits, basert på ein standard D-30 felthaubits, som kan eleverast frå −3° til +70°. Ammunisjon inkluderer eksplosive proskjektil med ei vekt på 21,72 kg, som er standardammunisjon for vogna og har ei rekkjevidde på opp til 15 300 m, ei holladning til bruk mot stridsvogner, lysgranatar, røykgranatar, kjemiske ladningar og eit rakettdrive prosjektil med ei rekkjevidd på opptil 21 900 m.

Historie

endre

2S1 Gvosdika var i bruk av Sovjetunionen, og vart eksportert til Algerie, Angola, Bulgaria, Etiopia, Irak, Jugoslavia, Libya, Polen, Syria, Tsjekkoslovakia, Ungarn og Aust-Tyskland. Etter oppløysinga av Sovjetunionen var 2S1 òg i bruk i ei rekkje av dei tidlegare sovjetrepublikkane og ein del tidlegare austblokkland. Russland har framleis omkring 2 000 2S1 Gvosdika i bruk.

Kjelder

endre