2 Hearts
Singel av Kylie Minogue
frå albumet X
B-side

«I Don't Know What It Is»
«King or Queen»

Utgjeve 9. november 2007
Innspelt 2007
Sjanger Pop
Lengd 2:52
Selskap Parlophone
Låtskrivar(ar) Kish Mauve
Produsent Kish Mauve
Kylie Minogue-kronologi 
«Giving You Up»
(2005)
2 Hearts «Wow»
(2008)


«2 Hearts» er ein song framført av den australske songaren Kylie Minogue for det tiande studioalbumet hennar, X (2007). Songen vart opphavleg spelt inn av elektropogruppa Kish Mauve, som òg produserte versjonen av Minogue. «2 Hearts» var den fyrste kommersielle singelen til Minogue sidan ho fekk diagnostisert brystkreft i mai 2005. Songen kom ut som den fyrste singelen frå albumet i november 2007 til blanda mottaking frå kritikarane.

Informasjon endre

I 2006 byrja Minogue innspelingar i London for X. «2 Hearts» var skriven og opphavleg spelt inn av Kish Mauve, som gav songen til Minogue. «2 Hearts» kom ut i ulike format over heile verda. Dei fleste områda fekk ein CD-singel og digital nedlasting.

Listeplasseringar og sal endre

Songen nådde tolvteplassen på UK Singles Chart 11. november 2007, og var deretter nummer fire ei veke seinare. I Irland nådde songen først tjueniandeplass og derette tolvteplass neste veke. Singelen var i hovudsak vellykka andre stader, og kom på førsteplass i Spania og til Topp 5 i Italia og Sverige. Songen nådde òg førsteplassen i Australia den 19. november 2007, der han selde over 6 000 eksemplar. Songen vart den tiande førsteplass-singelen til Minogue i Australia. Han kom på trettifjerdeplassen i New Zealand, men gjekk raskt ut av hitlistene.

Format og sporliste endre

Britisk CD 1
  1. «2 Hearts»
  2. «I Don't Know What It Is»
Britisk CD 2
  1. «2 Hearts»
  2. «2 Hearts» (Alan Braxe Mix)
  3. «King or Queen»
  4. «2 Hearts» (Video)
Australsk CD
  1. «2 Hearts»
  2. «2 Hearts» (Alan Braxe Mix)
  3. «King or Queen»
  4. «I Don't Know What It Is»
  5. «2 Hearts» (Video)
Russisk CD
  1. «2 Hearts»
  2. «I Don't Know What It Is»

Topplisteplasseringar endre

Toppliste (2007) Listeplassering
Australia (ARIA Charts) 1
Austerrike (Ö3 Austria Top 75) 14
Belgia (Ultratop 50 Flandern) 25
Belgia (Ultratop 40 Vallonia) 25
Canada (Canadian Hot 100) 60
Tsjekkia (IFPI) 17
Danmark (Tracklisten) 14
Nederland (Mega Single Top 100) 29
Frankrike (SNEP) 15
Tyskland (Media Control Charts) 13
Ungarn (Mahasz) 26
Irland (Irish Singles Chart) 12
Italia (FIMI) 2
New Zealand (RIANZ) 34
Noreg (VG-lista) 6
Slovakia (IFPI) 7
Spania (PROMUSICAE) 1
Sveits (Schweizer Hitparade) 10
Sverige (Sverigetopplistan) 3
Storbritannia (UK Singles Chart) 4

Utgjevingshistorie endre

Land Dato
Europa 9. november 2007
Australia 10. november 2007
Storbritannia 12. november 2007
Russland 18. november 2007

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre