Wow av Kylie Minogue
Wow Singel av Kylie Minogue frå albumet X | ||
B-side |
«Cherry Bomb» | |
---|---|---|
Utgjeve | 16. februar 2008 | |
Innspelt | 2007 | |
Sjanger | Dansepop, synthpop | |
Lengd | 3:12 | |
Selskap | Parlophone | |
Tekstforfattar | Kylie Minogue | |
Låtskrivar(ar) | Kylie Minogue Greg Kurstin Karen Poole | |
Produsent | Greg Kurstin | |
Kylie Minogue-kronologi | ||
«2 Hearts» (2007) |
Wow | «In My Arms» (2008)
|
«Wow» er ein dansepopsong av den australske songaren Kylie Minogue spelt inn til det tiande studioalbumet hennar, X (2007). Songen vart skriven av Minogue, Greg Kurstin og Karen Poole, og vart produsert av Kurstin. Songen kom ut som andresingel frå albumet i Australia og Storbritannia i februar 2008 til blanda mottaking. Han vart utgjeven som den tredje singelen frå albumet i Europa i juni 2008.
Utgjeving og listeplasseringar
endre«Wow» vart først utgjeven 16. februar 2008 i Australia og New Zealand, og deretter i Storbritannia to dagar etter. «Wow» var opphavleg meint å vere den første singelen i USA, men vart trekt tilbake. Seinare vart «All I See» den einaste singelen frå albumet som vart utgjeven i USA. Minogue nytta fleire songar frå albuminnspelinga som bonussongar. «Cherry Bomb» var B-sida på den første britiske singelen, og er ein rein electropopsong. B-sida på den andre singelen i Storbritannia og den australske singelen var «Do It Again», som er ein electropop- og dansepopsong med element av house, medan den tredje låten var «Carried Away».
«Wow» debuterte på 32. plassen på UK Singles Chart, og klatra til nummer fem to veker seinare. Songen nådde ellevteplassen i Australia og vart på hitlistene i seks veker. I USA nådde singelen nittandeplass på Billboard-danselistene.
Musikkvideo
endreVideoen viser Minogue i dans i ein futuristisk nattklubb omgjeven av dansarar. Videoen byrjar med silhuetten til Minogue mot ein opplyst bakgrunn. Ho er kledd i ein kvit treningsdrakt og omringa av ei gruppe dansarar. Minogue og dansarane opptrer føre ein opplyst bakgrunn gjennom heile videoen.
Format og sporliste
endre
|
|
Toppliste
endreToppliste (2008) | Listeplassering |
---|---|
Australia (ARIA Charts) | 11 |
Austerrike (Ö3 Austria Top 75) | 72 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern) | 37 |
Danmark (Tracklisten) | 20 |
Nederland (Mega Single Top 100) | 36 |
Frankrike (SNEP) | 15 |
Tyskland (Media Control Charts) | 41 |
Ungarn (Mahasz) | 19 |
Italia (FIMI) | 10 |
New Zealand (RIANZ) | 16 |
Sverige (Sverigetopplistan) | 32 |
Sveits (Schweizer Hitparade) | 51 |
Storbritannia (UK Singles Chart) | 5 |
USA (Hot Dance Club Songs) | 19 |
Utgjevingshistorie
endreLand | Dato |
---|---|
Australia | 16. februar 2008 |
New Zealand | |
Storbritannia | 18. februar 2008 |
Europa | 6. juni 2008 |
Tyskland | 4. juni 2008 |
USA | 30. august 2008 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wow (Kylie Minogue song)» frå Wikipedia på engelsk og «Wow (Kylie Minogue-sang)» frå Wikipedia på bokmål, den 10. desember 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Songteksten på MetroLyrics Arkivert 2012-01-07 ved Wayback Machine.