3. divisjon fotball 1969/Møre

Tredjedivisjon i norsk fotball 1969

3. divisjon Møre 1969, ei av Norges Fotballforbund sine mange serieavdelingar, tok til sundag 4. mai og vart avslutta med full runde sundag 29. september. Avdelinga bestod av 8 lag: 5 frå Sunnmøre, 2 frå Romsdal og 1 frå Kristiansund. Vinnaren av avdelinga møtte vinnaren av Trøndelags-avdelinga til kampar om opprykk til 2. divisjon, medan dei to laga med færrast poeng rykte ned til 4. divisjon.

Poengtabell

endre
Plass Lag Kampar Målskår Poeng
1 Molde 14 34–11 22
2 Langevåg 14 38–20 21
3 Herd 14 26–16 17
4 Clausenengen 14 29–24 16
5 Ørsta 14 20–25 12
6 Skarbøvik 14 15–19 10
7 Gossen 14 20–36 7
8 Velledalen og Ringen 14 17–48 7


Molde Fotballklubb tapte kampen om opprykk til 2. divisjon. Laget vann heimekampen mot Steinkjer Fotballklubb med 2-0, men tapte 1-3 på Guldbergaunet i Steinkjer. Dermed møttest laga til ein tredje kamp, oppgjeret på Lerkendal stadion i Trondheim enda med at Steinkjer FK vann 1-0.

Kjelder

endre