31 Euphrosyne
31 Euphrosyne er ein av dei største hovudbelteasteroidane. Den vart oppdaga av James Ferguson den 1. september 1854, den første som blei oppdaga frå Nord-Amerika. Den er namngjeven etter Eufrosine frå gresk mytologi.
Oppdaging | |
---|---|
Oppdaga av | James Ferguson |
Oppdagingsdato | 1. september 1854 |
Baneskildring | |
Epoke 31. desember (JD 2454100,5) | |
Aphel | 577,571 mill. km (3,861 AE) |
Perihel | 364,755 mill. km (2,438 AE) |
Eksentrisitet | 0,226 |
Banehelling | 26,316 ° |
Fysiske eigenskapar | |
Dimensjonar | 255,9 km |
Masse | =~1.69×1019 kg |
~1,9 g/cm³ | |
~0,1319 | |
0,2305 d (5,531 t) | |
Albedo | 0,0543 |
Asteroiden er den åttande største hovudbelteasteroiden og utgjer omtrent 1 % av den totale massen i asteroidebeltet. Han er eit veldig mørkt objekt nær kanten av beltets ytre.
Objektet er lite studert, sjølv om den er ein av dei største asteroidane. Han er ein typisk C-type-asteroide med ei primitiv overflate. Bana er svært uvanleg og liknar på den til 2 Pallas, med sin høge inklinasjon og eksentrisitet.
Den låge tettleiken til Euphrosyne hintar til at, imotsetning til 10 Hygiea, 704 Interamnia og 52 Europa, er Euphrosyne ein porøs lekam.