Abc

(Omdirigert frå ABC-bok)
Sjå òg forkortinga ABC

Abc er dei tre første bokstavane i det latinske alfabetet og blir brukt om ei heilt grunnleggjande lærebok, opphavleg i det å læra å lesa og gjerne også skriva alfabetet. Omgrepet abc kan også brukast generelt om alle slags grunnleggjande lærebøker eller om viktig grunnleggjande kunnskap innan eit fagområde, til dømes abc for førarprøva eller liknings-abc frå Skatteetaten.

Forsida på den tyske ABC-en til Tom Seidmann-Freud frå 1930.

Sidan dei første trykte bøkene kom på 1500-talet, er det blitt gjeve ut ei rekkje abcar på dei fleste språk. Fleire kjende forfattarar har skrive abcar på rim, til dømes H. C. Andersen, André Bjerke og Dr. Seuss. I nyare tid er ABC-bøker, der ein også har gått vekk frå innlæring av bokstavar i alfabetisk rekkjefølge, helst kjende som lesebøker.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Abc