A Blaze in the Northern Sky

A Blaze in the Northern Sky
Studioalbum av Darkthrone
Språk engelsk
Utgjeve 26. februar 1992
Innspelt August 1991
Creative Studios i Kolbotn
Sjanger Svartmetall
Lengd 42:05
Selskap Peaceville Records
Produsent Darkthrone
Kritikk
Darkthrone-kronologi 
Soulside Journey
(1991)
A Blaze in the Northern Sky Under a Funeral Moon
(1993)


A Blaze in the Northern Sky er det andre studioalbumet til det norske metallbandet Darkthrone. Det er det fyrste svartmetallalbumet åt bandet, som då var ein fersk sjanger. Innspeling føregjekk i Kolbotn utanfor Oslo, i august 1991, og vart utgjeve seks månadar seinare.

Innspeling og utgjeving endre

Darkthrone sitt fyrste album; Soulside Journey, var eit tradisjonelt daudmetallalbum i svensk death metal-stil, og etter denne utgjevinga i januar 1991, byrja bandet å skriva songar med meir drag og karaktertrekk åt (norsk) svartmetall. Dette viste dei verkeleg på demoen Goatlord. Etter innspelinga av det instrumentaleGoatlord sette tre av medlemane (Fenriz, Nocturno Culto, Zephyrous) seg føre å fokusere fullt på svartmetallen. Bassisten Dag Nilsen mislika den raske endringa og slutta i bandet, men han godtok å fullføra albumet som ein sidemedlem.

Bandet fór fort frå djup growling til ein meir "skrikete", nasal og kraftfull vokalstil. Fenriz sagde i eit intervju at albumet var på ein måte klart, men med death metal-stil, og den type ljod var dei ferdige med. Albumet var planlagd ferdig innspelt innan hausten, og vart ifylgje Fenriz litt "jaga" og "påhasta".

Albumet vart innspelt i Creative Studios i Kolbotn i august 1991, same som Mayhem sitt Deathcrush vart i 1984. Bandet stod sjølv for produseringa saman med vekslande hjelp frå tilsette ifrå Creative Studios. På grunn av den plutselege sjangerskiftet var Peaceville fyrst uvillige og vrange om å utgje albumet i si opphavlege form. Peaceville hadde jo gjeve dei kontrakt for eit death metal-band, og ikkje eit svartmetallband. Då truga bandet med å utgje A Blaze in the Northern Sky gjennom Deathlike Silence Production, plateselskapet til Euronymous (Øystein Aarseth). Darkthrone og Peaceville vart samde; albumet blei utgjeven i si originale form den 26. februar 1992.

A Blaze in the Northern Sky kom fyrst ut på CD i 2000 kopiar. I 2003 vart plata reutgjeve av Peaceville i digipak. På denne utgåva vart del II av firedelsintervjuet mellom Fenriz og Nocturno Culto inkludert som bonusmateriale. Ein reutgjeving kom i 2009 att; i LP-versjon.

Plateomslag endre

Plateomslaget skilde seg ut frå andre plateomslag på nittitalet, som var fargerike, medan A Blaze in the Northerns Sky åtte berre fargane svart og kvitt. Modellen er Ivar Enger (Zephyrous), bandet sin andregitarist, – i ein aggressiv og trugande posisjon. Tittelen står tydeleg med kvit skrift i botnen av omslaget.

Innhald endre

Nr.TittelLengd
1.«Kathaarian Life Code»10:39
2.«In the Shadow of the Horns»7:02
3.«Paragon Belial»5:25
4.«Where Cold Winds Blow»7:26
5.«A Blaze in the Northern Sky»4:58
6.«The Pagan Winter»6:35

Medverkande endre

Kjelder endre