A Shot of Rhythm and Blues
A Shot of Rhythm and Blues Singel av Arthur Alexander | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1961 | |
Sjanger | Rhythm and blues | |
Lengd | 1:44 | |
Selskap | Dot Records | |
Komponist | Terry Thompson | |
Tekstforfattar | Terry Thompson | |
Låtskrivar(ar) | Terry Thompson |
A Shot of Rhythm and Blues av The Beatles frå albumet Live at the BBC | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1994 | |
Innspelt | 1. august 1963 | |
Studio | Playhouse Theatre i Manchester | |
Sjanger | Rock and roll, rhythm and blues | |
Lengd | 2:14 | |
Selskap | Apple Records | |
Komponist | Terry Thompson | |
Tekstforfattar | Terry Thompson | |
Låtskrivar(ar) | Terry Thompson | |
---|---|---|
Produsent | George Martin |
«A Shot of Rhythm and Blues» er ein song skriven av Terry Thompson[1] og først spelt inn av den amerikanske soulsongaren Arthur Alexander. Han vart opphavleg gjeven ut i USA i 1961 og i Storbritannia året etter som B-sida til «You Better Move On».
I tillegg til å ha Rhythm and Blues i tittelen er songen i seg sjølv ein R&B-song.
Andre versjonar
endreJohnny Kidd & the Pirates gav ut songen på singel i 1962 med Johnny Kidd på vokal, Mick Green på sologitar, Johnny Spence på bass og Frank Farley på trommer.
Denne songen og «Some Other Guy» vart ein standard i 1960-åra i Mersey-miljøet, særskild på Cavern Club, og vart spelt av Cilla, Sam «T-Bird» Jensen, The Beatles og Gerry and the Pacemakers.
The Beatles spelte inn «A Shot of Rhythm and Blues» tre gonger for BBC BBC i 1963 med John Lennon på solovokal kvar gong. Ein av versjonane finst på albumet albumet Live at the BBC, gjeve ut i 1994.[2] Kritikaren Robert Christgau kalla denne ein av Beatles sine beste coverversjonar.[3]
I juli 1963 spelte Cilla Black inn songen på den første innspelingsøkta hennar i Abbey Road Studios. Eit opptak frå denne økta finst på albumet The Abbey Road Decade: 1963-1973, gjeve ut i 1997.[4]
Dave Edmunds spelte inn songen i 1975 på albumet hans Subtle as a Flying Mallet. Ein kan òg høyre denne i Stardust.
Van Morrison og Linda Gail Lewis framførte songen i 2000 på albumet deira You Win Again.
Songen vart spelt av Flamin' Groovies på samlealbumet deira, Flamin' Groovies Collection.
Buffalo spelte songen i 1972 under tittelen «Just a Little Rock and Roll».
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «A Shot of Rhythm and Blues» frå Wikipedia på engelsk, den 15. april 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «A Shot of Rhythm and Blues» by Terry Thompson at Allmusic.com
- ↑ The Beatles Bible: A Shot of Rhythm and Blues Henta Aug. 28, 2008.
- ↑ Christgau, R. «The Beatles». robertchristgau.com. Henta 15. april 2022.
- ↑ CillaBlack.com Arkivert 2012-11-30 ved Wayback Machine. Henta 13. mai 2009.