Det hev ei rosa sprunge

(Omdirigert frå A Spotless Rose is Blowing)

«Det hev ei rosa sprunge» er det nynorske namnet på den folkelege tyske julesongen «Es ist ein Ros entsprungen» frå kring 1587. Teksten tek utgangspunkt i Jesaja 11,1: Ein kvist skal skyta opp frå Isais stubbe, og eit skot skal spira fram frå hans røter.[1]

Jesusbarnet med roser. Austerriksk glasmåleri frå 1800-talet.

Den mest utbreidde tonen er opphavleg ei tysk vise frå 1400-talet som vart arrangert som firstemmig korsats av Michael Praetorius i 1609. Denne korsatsen dannar grunnlaget for harmoniseringa som er brukt i Norsk Koralbok[2]

Den omsetjinga som er oftast nytta i Noreg vart gjort av Peter Hognestad i 1919 og 1921. Hognestad omsette dei to fyrste versa av teksten frå 1587, og eitt vers av ein annan tekst, skriven av Friedrich Layriz frå 1844. I Norsk Salmebok står «Det hev ei rose sprunge» på nummer 38.

Nynorskversjonen av songen er mest brukt i Noreg. På bokmål heiter han «En rose er utsprungen». Det engelske namnet er «Lo, how a rose e’er blooming».

Første verset av songen endre

Nynorskversjon frå 1919 Tysk versjon frå 1599
Det hev ei rosa sprunge
ut av ei rot so grann.
Som federne hev sunge:
Av Jesse rot ho rann,
og var ein blome blid
midt i den kalde vinter
ved myrke midnattstid.
Es ist ein Ros entsprungen
aus einer Wurzel zart,
wie uns die Alten sungen,
von Jesse kam die Art
und hat ein Blümlein bracht
mitten im kalten Winter,
wohl zu der halben Nacht.

Kjelder endre

  1. Jes 11,1-2
  2. Norsk Koralbok s. 22, Verbum, Oslo 1985

Bakgrunnsstoff endre