Aad Gjelle

kartograf

Aad Knutsson Gjelle (31. desember  176827. februar 1840) var ein norsk bygdekunstnar og kartograf. I somme artiklar er namnet hans skrive Odd, men Aad er forma han sjølv brukte, og som er brukt i kyrkjebøkene.[1] Aad var fødd som den eldste av åtte søsken, på garden Gjelle på Voss, og budde der heile livet. Han kom frå ei slekt der fleire hadde kunstnargivnad. Aad tok over garden i 1799, og gifta seg i 1800 med Margrete Eiriksdotter Finne (8. juli 1781-19. mai 1862), dotter til Eirik Nilsen Finne og Marie Nilsdotter. Dei fekk fire born. Aad var morbror til Knud Bergslien (1827-1908) og Brynjulf Bergslien (1830-1898).[2]

Oppvekst endre

Aad Gjelle hadde berre omgangsskule, men var lærehuga, og las det han kunne koma over av bøker, gjerne saman med broren, Brynjulv, som også hadde boklege interesser. Han las bøker om filosofi, matematikk, astronomi, språk og naturvitskap og var særleg oppteken av matematikk og geometri, og han lærte seg tysk for å kunna lesa tyske lærebøker i desse faga.[1][2] Alt frå ungdommen hadde han vore med som kartteiknar i utskiftingsforretningar, og han teikna også kart i grensetvistsaker. Han hadde eit godt handlag, var ein dyktig stempelskjerar, og laga mange signet til framståande personar og til offentleg bruk. Han var ein meister i arbeid med tre og metall, og laga sjølv alle landmålarinstrumenta sine.[3]

Yrke endre

I 1813 søkte han stillinga som Stiftskonduktør (landmålar) for Bergens stift. Han reiste til Bergen for intervju, og dei han møtte vart storleg imponerte over kunnskapen og evnene hans. Han vart spurt om kvar han hadde tileigna seg alt dettte, og skal ha svara: «Datta har eg lært i ei gommol røykstova pao Voss». Han fekk stillinga og ein fin omtale i avisa Bergens Adressecontoirs Efterretninger:«Han udmærkede sig iøvrigt ligesaa meget ved Beskedenhed og klog Adferd som ved sine Talenter.»[1] Han fekk stillingen, og arbeidde som landmålar over heile Vestlandet, men mest i Bergensområdet i 26 år. Aad Gjelle hadde også god kjennskap til lovverket, og førte ved fleire høve rettssaker sjølv, for det meste ved grensetvistar.

Heider endre

Aad Gjelle vart påskjøna med Dannebrogsordenen i 1813. Seinare er han heidra, både i Bergen og på Voss, med å få gater oppkalla etter seg.

Verk og dokument endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Eirik Helleve: «Aad Gjelle - landmålar og flogvit» i Hordaland 6. februar 2021 s. 20-21
  2. 2,0 2,1 Christopher John Harris. «Aad Knutsson Gjelle». Norsk biografisk leksikon på snl.no. Henta 14. februar 2021. 
  3. Lars Kindem (1938). Vossaboki 4. Voss. s. 402-403. ISBN 82-7101-086-7.  [2. utgåve ved Voss Bygdeboknemnd 1981]