Aage Samuelsen
Aage Kristian Samuelsen også kalla «Broder Aage», (fødd 23. januar 1915 i Skien, død 29. november 1987) var ein norsk predikant, tekstforfattar og komponist av kristne songar. Han var son av fabrikkarbeidar, smed og rallar Karl Hjalmar Samuelsen (1886–1969) og Anna Hansen som var reinhaldsarbeidar og fagforeiningskvinne. Han gifte seg i 1938 med Elisabeth Olsen («Lisa») og dei fekk fem born. Aage Samuelsen døydde 1987, 72 år gamal og blei gravlagd på Nordre Gravlund i Skien. Kåre Kristiansen forretta under gravferda.
Aage Samuelsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. januar 1915 Skien kommune |
Død |
29. november 1987 (72 år) |
Yrke | songar, komponist, predikant, salmediktar |
Språk | norsk |
Livslaup
endreAage var den tredje av i alt åtte sysken, og voks opp i tronge kår i bydelen Bakken i Skien. Som barn var han mykje sjuk og lærde seg fyrst å gå i fem-seksårs-alderen. Mora var musikalsk og kjøpte gitar til han då han var 15 år. Aage lærde seg å spele både munnspel og gitar. Han song og komponerte songar heile livet. Som 18-åring var han med og starta danse- og jazzband som reiste rundt og spela, mellom anna med Excelsior Band. Aage hadde i periodar problem med alkoholmisbruk.
Aage blei omvend fyrste gang under den store kristne vekkinga i 1931, men dette fekk ingen varig verknad. Sommaren 1944 opplevde han ei ny omvending og blei med i pinserørsla, i forsamlinga Tabernaklet i Skien. Han var ein ivrig deltakar i vekkingsarbeidet med song og vitnesbyrd.
Aage vekte oppsikt med den uformelle, personlege, humørfylte og direkte stilen sin. Møte som han leidde, fekk både stor oppslutning og ofte presseomtale. Aage Samuelsen blei fleire gonger intervjua i presse og radio. Han heldt på den personlige stilen sin, var ikkje redd for å uttale seg. Han deltok også i humoristiske innslag, mellom anna i radioprogrammet Har du lyst, har du lov, der han saman med Leif Juster song ei sjølvironisk vise på melodien til Vi var arbeidskamerater, frøken Johansen og jeg.
Aage Samuelsen sjølv meinte det var han som var modell for hovudpersonen i spelefilmen «Broder Gabrielsen» frå 1966, og tok seg svært nær av dette.
Den kontroversielle måten hans å opptre på og og synet hans på heiling, skapte splid blant pinsevenene. Det kom til open konflikt og brot med pinserørsla i 1957. Etter dette stifta han sitt eige trussamfunn, med namnet Maran Ata. Dette trussamfunnet gjorde han landskjent med stor aktivitet, eige medlemsblad m.m. Seinare blei det brot også mellom han og Maran Ata, og han danna Vekkeropet Maran Ata, men dette blei aldri noko anna enn ei slags organisasjonsforankring for personen Aage Samuelsen.
I dei siste åra han levde, voks det fram ei ny interesse for Aage Samuelsen som person og for songane hans. Han blei invitert til å opptre på Momarkedet og liknande arrangement, men det var fyrst og fremst artisten og entertaineren Aage Samuelsen folk ville høyre, ikkje predikanten. I desse åra spela han også inn fleire plater, og fekk både sølv- og gullplater for godt sal.
Mot slutten av livet kjøpte han Dalen Hotel i Telemark, og hadde store planar om å gjere dette til eit senter for kristen verksemd. Urøynd som han var i forretningar, blei han offer for fleire useriøse «investorar», og heile prosjektet enda i eit økonomisk kaos. Aage Samuelsen døydde av hjarteinfarkt i 1987. Det er grunn til å tru at alt oppstyret rundt hotellet gjorde sitt til dette.
Den mest kjende av songane hans, «O, Jesus, du som fyller alt i alle», blir nytta i alle kristne samanhengar i Noreg, og er også med i Norsk Salmebok. Songen er spela inn fleire gonger og av ei rekkje artistar, mellom anna av Raymond Rissmann, dottersonen til Aage Samuelsen, som reiser rundt som forkynnande songartist etter et liv i rus.
Litteratur
endre- "Her skilles våre veier" Aage Samuelsen. (1962) Sjølvbiografi og songtekstar. Maran Ata.
- "Hvem er menighetens lege?" (1964) Porsgrunn
- "Broder Aage" Tor Edvin Dahl (1980) Cappelen. Hf. og ib.
- "Herrens glade trubadur Broder Aage" (1981) Selvbiografi. H. Rystad & sønners Forlag
- "AAGE SAMUELSEN Levende kristendom – død religion." (Atheneum) 1984 Samling av preiker, artiklar og vitnesbyrd.
- "Aage Samuelsen, ildvitnet, gjøgleren,mennesket" biografi (1996) Tor Edvin Dahl og Jon Gangdal, Pax Forlag
- "Gullkorn og muntre glimt fra Broder Aage" av Jostein Janøy (2008) Hermon Forlag. Ib.190 sider ISBN 9788230205280
Songhefte
endre- "Sildigregn", songboka til Maran Ata-vekkinga, (1964) Skien
- "Aage Samuelsen. 20 songar med notar. Hefte nr. 21" (1983)
- "Sanghefte 136 sanger" av Aage Samuelsens mest kjende songar. (2008) Wera 136 sider ISBN 9788292867044
Diskografi
endreAage spela inn ei rekkje songar. Han hadde opp til fleire album samtidig på VG-lista, og han mottok éi platina- og ei rekkje gull- og sølvplater. Til saman blei det 17 LP-plater, 15 78-plater og 30-40 singelplater. Albumet Det er vekkelsesluft over landet fra 1979 selde heile 75 000 eksemplar. Fleire artistar har brukt songane til Aage, mellom anna har Jan Groth gjeve ut to album med sine versjoner av songane til Samuelsen.
... OBS – lista kan vere mangelfull...
Singlar / EP
endre- Jeg Vil Nå Synge En Sang Om Jesus Harmoni (7" singel) HS123
78-plater
endre- Bli Virkelig Fri / Forløsningens Golgata Norsk Grammofonkompani (10") K843
- Jesus Har Sagt At Han Kommer Snart / Gi Hjertet Helt Til Jesus Norsk Grammofonkompani (10") K909
Album
endre- 1979 – Det Er Vekkelsesluft Over Landet (LP) (MC) EMI Norsk A/S
- 1980 – Han Frelste Meg (LP) (MC) EMI Norsk A/S
- 1980 – Stem I En Sang (LP) (MC) EMI Norsk A/S
- (1981 ?)- "Jeg synger høyt av glede" LP (EMI Norsk A/S)
- 1981 – Huset I Hallelujagaten (LP) (MC) EMI Music
- 1982 – Hva kan vel jeg for det? (LP) EMI Norsk A/S
- (1982) – "Herrens stridsmann" (LP) EMI Norsk A/S
- 1983 – Den Tiden Glemmer Jeg Aldri... (LP) Busk Records
- (1983) – "Hva er verden uten ham?" (LP) EMI Norsk A/S
- 1984 – Det er betalt (LP)
- (1985) – "Aage 70 år i jubel" Jiws med kor LP Scana
- ? – Diamanter – Det Synger i Mitt Hjerte (LP) EMI Norway
- ? – Det Synger I Mitt Hjerte (LP)
- ? – Herrens Glade Jubelgutt (LP)
- 1995 – Aage Samuelsens Beste (LP) EMI Norsk A/S
Samleplater
endre- 2005 – Vi møter Åge på møte (konsertopptak med Åge Samuelsen frå 1967) Bare Bra Musikk (3 CD-boks) BBM-MUCD-13
- 2010 – Sanger fra Hallelujagaten (Aage Samuelsens EP- og singelutgjevingar) JamZone (4 CD-boks) JZB-01
Andre
endre- 1994 – Jan Groth – ...synger Aage Samuelsen. (CD) Master Music MMD941
- 1995 – Jan Groth – ... synger mer Aage Samuelsen. (CD) Master Music
- 2005 – Elias Akselsen – O, Jesus du som fyller alt i alle (CD) VIA MUSIC
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Aage Samuelsen» frå Wikipedia på bokmål, den 21. februar 2014.