Kåre Kristiansen

norsk politikar

Kåre Gulbrand Kristiansen (fødd 11. mars 1920 i Bergen, død 3. desember 2005) var ein norsk politikar for Kristeleg folkeparti (KrF). Han var ein markant politikar i nærare 40 år. Han la vekt på kristendom, samarbeid og framhjelp av staten Israel, abortmotstand og norsk medlemskap i EU.

Kåre Kristiansen

Kåre Kristiansen i 2004
Foto: Tore Schrøder
Fødd11. mars 1920
Bergen
Død3. desember 2005 (85 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
InstitusjonarNoregs Statsbanar
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling
Alle verv

Kristiansen stod mellom anna sentralt i gjennomføringa av folketrygda i 1967, då han var statssekretær i Sosialdepartementet for Egil Aarvik.

Han vart av mange oppfatta som ein representant for høgresida i partiet. I 1989 trekte han seg som stortingsrepresentant. Grunngjevinga var at KrF hadde fjerna seg frå sin gamle kurs.

Kristiansen var motstandar av fjerninga av israelske busetjarar frå Gazastripa.

Yrkeskarriere endre

Kristiansen starta yrkeskarrieren som telegrafist i Noregs Statsbaner i 1941. Han avanserte til å verta jernbanedirektør 1968-1970, driftsdirektør 1970–1989 og spesialrådgjevar 1989-1990.

Politisk karriere endre

  • Formann i Kristeleg Folkeparti 1975-1977 og 1979-1983. Etter ein intern partistrid om mellom anna samarbeidet med Høgre, vart han i 1983 pressa til å trekkja seg frå vervet som partileiar. Han byta verv med Kjell Magne Bondevik.

Andre sentrale verv endre

Bibliografi endre

Bakgrunnsstoff endre