Aase Nordmo Løvberg
norsk professor og songar
Aase Nordmo Løvberg (fødd 10. juni 1923 i Målselv, død 25. januar 2013)[1] var ein norsk operasongar. I ei årrekke song ho med Jussi Björling ved Kungliga Operan i Stockholm. Ho song under namngjetne dirigentar som Herbert von Karajan og sir Georg Solti.
Aase Nordmo Løvberg | |
![]() | |
Fødd | 10. juni 1923 |
---|---|
Fødestad | Målselv |
Død | 25. januar 2013 (89 år) |
Dødsstad | Lillehammer |
Opphav | Noreg, Sverige |
Aktiv | 1945–2013 |
Sjanger | opera |
Instrument | vokal |
Stemmetype | sopran |
Verka som | professor, operasongar, opera director |
Gift med | Børt-Erik Thoresen |
Prisar | Nordstjerneordenen, Oslo bys kulturpris, Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen |
Nordmo Løvberg debuterte i Oslo i 1948. I perioden 1952 til 1970 budde ho i Stockholm, avbrote av nokre opphald ved Wiens Statsopera og Metropolitan Opera i New York.
Av utdrag frå den norske yrkeskarrieren, kan ein nemne at ho vart lektor ved Musikkonservatoriet i Oslo 1970. Ho vart vidare professor ved Norges musikkhøgskole i perioden 1973–90 og var sjef ved Den Norske Opera frå 1978–81.
Ho var gift med Børt-Erik Thoresen (død 2011) og budde på Lillehammer siste delen av livet.
UtmerkingarEndra
- Løvberg vart tildelt Petter Dass-medaljen i 1978 «for å vera nordnorsk songstjerne.»
- Aase Nordmo Løvberg vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1957 og til kommandør i 1981.
- Løvberg vann Lindemanprisen i 1990.
- Etter å ha avslutta yrkeskarrieren, fekk ho Gammleng-prisen i klassa veteran i 2000.
ReferansarEndra
- ↑ Susanne Noreng (26. januar 2013). ««Nordnorges store operastjerne har gått bort»». Nordlys. Henta 26. januar 2013.