Abd el-Krim

(Omdirigert frå Abd-el-Krim)

Abd el-Krim[1] (18801963) var leiar for berbarane i Rif under fridomskrigen dei kjempa mot kolonimaktene Spania og Frankrike1920-talet.

Abd el-Krim

Statsborgarskap Marokko
Fødd 12. januar 1882
Ajdir
Død

6. februar 1963 (81 år)
Kairo

Yrke kadi, politikar, journalist, motstandskjempar, skribent, president, omsetjar
Språk arabisk, italiensk, fransk, spansk, engelsk, Tarifit, Tamazightiske språk
Religion Islam
Far Abdelkrim Khattabi
Abd el-Krim på Commons

Krigen i Rif tok til i 1920. I 1921 proklamerte Abd el-Krim Rifrepublikken. Dei spanske styrkane vart drivne attende til den franske delen av Marokko. I 1926 enda berbaropprøret med at Abd el-Krim kapitulerte. Han vart då tvungen i eksil på den franske øya Réunion. I 1947 fekk han lov til å flytta til sør-Frankrike, men rømte så til Egypt.

Merknader

endre
  1. Fullt namn på arabisk محمد بن عبد الكري الخطابي, Muhammad bin ‘Abd al-Karīm al-Khaṭābī (etternamnet الخطابي (al-Khaṭābī) tyder Retorikaren'); tarifit ⵎⵓⵍⴰⵢ ⵄⴰⴱⴷ ⵍⴽⵔⵉⵎ ⵍⵅⵟⴰⴱⵉ, Mulay ‘abd Lkrim Lxṭabi

Kjelder

endre