Berbarar
Berbarar er eit folkeslag frå nordre delen av Afrika som snakkar berbarspråk. Namnet «berbar» kjem frå det arabiske ordet barbar, som kan ha samanheng med nemninga barbar frå gresk. Folket sjølv kallar seg helst amazigh, fleirtal imazighen, som tyder ‘frie menn’, og dei ser på nemninga «berbar» som nedsettande[1].

Berbarar er tradisjonelt nomadefolk. Dei oppstod som folkegruppe i Aust-Afrika for over 10 000 år sidan, og er slik eit urfolk i Nord-Afrika. På 600-talet og 1100-talet blei berbarane fortrengde av innvandrande arabarar, og har sidan stort sett hatt tilhald i fjell- og ørkenområda nord i Afrika.
Kjende berbarar Endra
- Ibn Battuta, reiseforfattar i mellomalderen
- Zinedine Zidane, fransk fotballspelar
Galleri Endra
-
Berbarkrigarar til hest.
-
Nomadisk berbarmann i Marokko.
-
Berbarkvinne i Marokko.
-
Ung berbarkvinne i Tunisia
Referansar Endra
- ↑ N. Kahina, Free People: The Imazighen of North Africa, Independent uncompromising indigenous, 12/3-2013.
Kjelder Endra
- «berbar» i Nynorskordboka.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Berbere» frå Wikipedia på bokmål, den 4. januar 2008.