Abelmoskusslekta

planteslekt
Abelmoskusslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Kattostordenen Malvales
Familie: Kattostfamilien Malvaceae
Underfamilie: Malvoideae
Stamme: Hibisceae
Slekt: Abelmoskusslekta Abelmoschus
Medik., 1787

Abelmoskusslekta (Abelmoschus) er ei planteslekt i kattostfamilien (Malvaceae) som omfattar 15 eittårige artar i tropane.

Slekta stammar opphavlegg frå tropisk Asia. Abelmoskus (Abelmoschus moschatus) blir dyrka som prydplante i tropiske og subtropiske strøk på grunn av sine vakre blomar som kan bli opptil 10 cm i diameter. Dei er oftast gule med rosa midtparti. Frøa av abelmoskus blir kalla bisam- eller moskuskorn. Dei blei tidlegare brukt til medisinen, men no berre som tilsetjing til tobakk og parfyme.

Ein nær slektning, okra (A. esculentus), har kapselfrukter og blad ein kan eta. Flerie Abelmoschus-artar har seige bastfiber og har derfor blitt brukt til tauverk og spinnemateriale.

Kjelder endre

«Abelmoskus» (20. desember 2013) i Store norske leksikon, snl.no.