Parfyme (av fransk parfum, 'godlukt')[1] er ei løysing av velluktande essensar i alkohol eller vatn ein kan bruka som toalettartikkel eller aromatiske stoff tilsett ulike produkt for å gje dei ei viss lukt, som såper og kremar. Parfymeri kan vera butikkar eller produksjonsstader for parfyme.

Gammal parfymeflaske som kan spraya parfymen.

Tillaging endre

 
'Parfymemakaren', måleri av Rodolphe Ernst

Til å laga parfyme bruker ein velluktande essensar som kan vinnast ut frå naturlege kjelder, eller framstillast syntetisk. Dei naturlege stoffa kan vera animalske (som ambra, castoreum, moskus og civet) eller vegetabilske, som eteriske oljer og egentlege blomsteroljer (appelsin-, rose-, fiol-, sjasminolje og liknande).[2] Syntetiske luktestoff kan vera basert på stoff isolert av eteriske oljer eller framstilt av organiske samband utvunne frå til dømes tjøre eller petroleum.[2] Slike stoff har opna for fleire moglege lukter i parfymar, til dømes ved hjelp av syntetisk calone, muskon, kumarin og vanilin.

Vanlegvis blir parfymeoljene fortynna med ei alkoholløysing, som ei blanding av etanol og vatn eller ein sprit danna gjennom rektifikasjon. Ein kan også bruka feitt med nøytral lukt, som kokosfeitt eller jojobaolje.

Løysinga blir tilsett fikseringsmiddel for å gjera parfymen verksam i lengre tid.[2] Det er viktig at dei ulike ingrediensane blir tilsett i rett fortynning og tilhøve, ettersom dei velluktande stoffa elles kan gje ei ubehageleg lukt når ein blandar dei saman.[2]

Typar endre

 
Ei opphavleg Eau de Cologne-flaske frå 1811, frå Johann Maria Farina, Farina gegenüber

Omgrepet parfyme viser i snever tyding berre til dei mest konsentrerte og kostbare velluktsprodukta. Desse blir brukt i svært små mengder på utvalde stader på huda. Meir uttynna varer blir ofte omsette under namn med det franske prefikset eau, 'vatn', til dømes eau de Cologne, og kan brukast meir rundhanda.[2] Parfymeoljer (eteriske oljer) blir også brukt som tilsetning til kosmetika, såpe og liknande for å gjera dei velluktande.[2]

Parfymar kan ha ulike namn basert på kor høg konsentrasjonen av dei aromatiske luktstoffa i det ferdige produktet er. Jo høgare konsentrasjon, jo meir intens og langvarig blir lukta. Ei vanleg inndeling med dei franske namna på typane er:

  • Parfum eller extrait, med 15–40 % (etter International Fragrance Association, typisk ca. 20 %) aromatiske stoff
  • Esprit de Parfum (ESdP): 15–30 % aromatiske stoff, ein uvanleg styrke som ligg mellom EdP og parfum
  • Eau de Parfum (EdP), Parfum de Toilette (PdT): 10–20 % (typisk ca. 15 %) aromatiske stoff, av og til også kalla eau de perfume eller millésime
  • Eau de Toilette (EdT): 5–15 % (typisk ca. 10 %) aromatiske stoff
  • Eau de Cologne (EdC): 3–8 % (typisk ca. 5 %) aromatiske stoff

Parfymar med mindre enn 3 % kan marknafsførast under ei rekkje namn

Historie endre

 
Den egyptiske presten Renpetmaa tilber Ra-Horakhty med parfymekjegle på hovudet.

Ordet parfyme er avleidd av parfumer, frå latin fumigare eller per fumare, 'ved å røyka', og viser opphavleg til røykbehandling om gjev god lukt.[3] Mange tradisjonelle måter å skapa god lukt på går ut på å brenna ting, som myrra, virak og kamfer og ei rekkje ulike typar røykjelse.

Oldtida og antikken endre

Ein har framstilt parfymar sidan oldtida. Ein parfymemaker frå babylonsk Mesopotamia, Tapputi, er nemnd i ei kileskrifttavle frå rundt 1200 f.Kr.[4] Denne fortel at ho destillerte blomar, olje og kalmusrot med fleire aromatiske stoff, filtrerte produktet og tok det gjennom destilleringsapparatet fleire gonger til.[5] Eit arkeologisk funn av eit rundt 4000 år gammalt parfymeri i Pyrgos på Kypros inneheldt rundt 60 destillasjonsapparat, blandebollar, trakter og parfymeflasker, og kanskje verdas eldste attverande parfymar framstilte av plantar som kanel, laurbær og myrte blanda med olivenolje.[6]

Kunsten å laga parfyme var også kjend i det gamle India. Dei ayurvediske tekstane Tsjaraka samhita og Susjruta samhita er nokre av dei første som nemner framstilling av attar, eterisk olje vunne ut frå ulike plantar.[7]

 
Parfymeflaske i alabast frå grava til Tutankhamon.

I antikken var bruken av parfyme ubtreidd, særleg blant egyptarar, romarar, persarar og kinesarar.[2]

Fleire egyptiske måleri framstiller personar med lotusblomar ved eller kjegler oppå hovudet. Desse kan vera symbol på at dei er velluktande, men kjeglene er også blitt tolka som salvekjegler eller feittklumpar på hovudet der fast feitt insett med godlukt etterkvart smelta og spreidde parfymen over kroppen.[8] Egypt var kjend for å produsera ettertrakta parfymar for den antikke verda. Populære parfymar var susinum, laga med kanel, lilje, og myrra, cyprinum laga med abrodd, henna, kanel, kardemomme og myrra og mendesian med balanosolje, kassiakanel og myrra. Parfymen blei vanlegvis oppbevart i alabasterflasker.[9] Mendesian var også kjend som den egyptiske, og kunne halda seg i fleire år.[10]

Mellomalderen til moderne tid endre

 
Parfymefontene ved Versailles frå Ludvig XV si tid.
 
Fransk parfymebrennar i kinesisk stil frå 1740-talet.

På 800-talet skildra den arabiske polyhistoren Al-Kindi (Alkindus) ei bok om kjemi og destillering av parfymar som inneheldt over hundre oppskrifter, metodar og apparat for å framstilla velluktande oljer, salvar, væsker og erstattingar for kostbare lækjemiddel.[11][12] Persiske Ibn Sina (Avicenna) eksperimenterte med å vinna ut oljer frå blomar gjennom destillering, og særleg rosevatn blei særs omtykt.

På 1200-talet tok Venezia over kontrollen over handelen med eteriske oljer i Europa, og dette førte til ein veksande parfymeindustri i Italia.[2] I 1693 skipa den italienske barberen Giovanni Paolo Feminis eit parfymert vatn han kalla Aqua mirabilis, i dag kjend som eau de cologne.

Parfyme fekk også stor tyding i Frankrike. Dyrking av blomar for utvinning av duft blei ein stor industri i Sør-Frankrike. På 1500-talet blei Katharina de' Medici frå Firenze fransk dronning, og tok med seg sin personlege parfymemakar Rene le Florentin til Frankrike. På 1600-talet blei parfymerte hanskar utbreidde, og i 1656 blei det skipa eit eige laug for hanske- og parfymemakarar. På 1700-talet herska Ludvig XV over «det parfymerte hoffet» (la cour parfumée). Parfyme blei brukt dagleg på huda, klede, vifter og møblar, og Ludvig kravde ein ulik parfyme i romma sine kvar dag.

Også etter den franske revolusjonen var parfymeindustrien viktig i Frankrike. Parfums Lubin, som blei skipa i 1798, selde parfyme til Napoleon Bonaparte sin familie og Huset Bourbon etter dei, i tillegg til andre europeiske kongelege. På 1920-talet revolusjonerte Coco Chanel fransk mote, og fekk samstundes laga ein ny parfyme og parfymeflaske som stod til kleda - Chanel No.5. I dag er ei rekkje parfymar knytte til motehus

Kjelder endre

  1. «parfyme» i Nynorskordboka.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 «Parfyme», Store norske leksikon, 12. mars 2012, henta 25. februar 2017 
  3. «perfume, v.», OED Online, Oxford University Press, December 2016 
  4. Strathern, Paul (2000). Mendeleyev's Dream – The Quest For the Elements. New York: Berkley Books. ISBN 0-425-18467-6. 
  5. Levey, Martin (1973). Early Arabic Pharmacology: An Introduction Based on Ancient and Medieval Sources. Brill Archive. s. 9. ISBN 90-04-03796-9. 
  6. Morgan, Tabitha (19 March 2005). «Bronze Age perfume 'discovered'». BBC. Henta 19 February 2007. 
  7. A.K. Sharma; Seema Wahad; Raśmī Śrīvāstava (2010). Agriculture Diversification: Problems and Perspectives. I. K. International Pvt Ltd. s. 140. 
  8. Kroeter, Chloe (2009), «The Sensual Banquet Scene: Sex and the Senses in Eighteenth Dynasty Theban Tomb Paintings» (PDF), St Andrews Journal of Art History and Museum Studies 13: 55 [daud lenkje], sjå òg Unguent Cones Arkivert 2018-07-29 ved Wayback Machine. ved wikien Cow of Gold og Ancient Egyptian Dress ved bloggen The way we display
  9. J Hill (2015), «Perfume in Ancient Egypt», Ancient Egypt Online 
  10. Hamed A. Ead, «Perfumes in Ancient Egypt», The Alchemy web site on Levity.com 
  11. al-Hassani, Woodcok and Saoud (2006) 1001 Inventions; Muslim Heritage in Our World, FSTC, p.22.
  12. M. Ullmann (1986), «AL-KĪMIYĀ», The Encyclopaedia of Islam 5 (2nd utg.), Brill, s. 111b