Aberfoyle
(Omdirigert frå Aberfoyle i Stirling)
Aberfoyle (skotsk-gælisk Obar Phuill) er ein landsby i regionen Stirling i Skottland. Han har kring 500 innbyggjarar. Aberfoyle ligg ved elva Forth, like søraust for utspringet til elva i fjellkjeda the Trossachs. Han er innanfor grensa til Loch Lomond and the Trossachs nasjonalpark. Aberfoyle ligg om lag midt mellom byen Stirling i aust og Loch Lomond i vest, ca 40 kilometer nord for Glasgow.
Aberfoyle | ||
---|---|---|
Hovudgata | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | Skottland | |
Region | Stirling | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
576 | |
Koordinatar | 56°11′N 4°23′W / 56.183°N 4.383°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | FK8 | |
Det var eit skiferbrot i åsen Craigmore (387 moh) frå om lag 1820 til 1950, i dag er turisme og skogbruk dei viktigaste næringsvegane i Aberfoyle.
Rob Roy vart fødd ikkje langt unna Aberfoyle, og landsbyen opptrer i romanen til Walter Scott om klanleiaren.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Aberfoyle» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2011.