Abingdon i Oxfordshire

Abingdon er ein marknadsby i England som ligg i Oxfordshire i den sørlege delen av landet. Byen har rundt 31 000 innbyggjarar.

Abingdon

Themsen ved Abingdon mot St. Helen's soknekyrkje
Themsen ved Abingdon mot St. Helen's soknekyrkje
Themsen ved Abingdon mot St. Helen's soknekyrkje
Plassering
Abingdon i Oxfordshire is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Oxfordshire
Distrikt Vale of White Horse
Grunnlagd
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

36 626
Koordinatar 51°40′N 1°17′W / 51.667°N 1.283°W / 51.667; -1.283
Diverse annan informasjon
Postnummer OX14
Telefon-retningsnummer 0 1235
Commons har multimedium som gjeld: Abingdon i Oxfordshire

Abingdon vart tradisjonelt kjent som «Abingdon-on-Thames». Abingdon er administrasjonssentret for Vale of White Horse, eit administrativt distrikt i Oxfordshire. Tidlegare var Abingdon fylkesbyen i Berkshire. Abingdon, som har ei rik historie, er ein av fleire stader i Storbritannia som hevdar å vere den eldste enno busette byen.[1]

Geografi endre

Abingdon ligg 13 km sør for Oxford på eit flatt dalområde ved elva Thames og har plassering på vest eller høgresida av denne elva der ei mindre elv, Ock, renn inn i frå Vale of White Horse (kan omsetjast til «Dalen til den kvite hesten»). Det går lokale busser frå Oxford og omliggande område, men den næraste mindre jernbanestasjon er ved Culham og Radley.

Historie endre

Staden har vore busett sidan tidleg til midten av jernalderen og spor etter ei sein jernaldarfestning eller inngjerding (oppidum) ligg nedanfor sentrumet til byen. Festninga var i bruk gjennom heile den engelske romartida som strekte seg fram til rundt år 400.

Klostret Abingdon Abbey vart grunnlagt på angelsaksisk tid, moglegvis på 600-talet, men den tidlegaste historia er forvirra med talrike segner, dikta opp for å auke statusen til staden og for å forklare stadnamnet sidan «don» tyder åskam og Abingdon ligg i ein dal. I 1084 feira Vilhelm I av England påske i klosteret og etterlét deretter sonen sin, den framtidige Henrik I av England, for å få utdanninga si der.

I løpet av 1200- og 1300-talet var Abingdon sentrum for eit blomstrande jordbruksområde med omfattande handel i ull og hadde ein kjend veveri- og klesindustri. Abbeden synest å helde ein marknad frå dei tidlegaste tidene og charter eller fridomsbrevet for å halde marknader har vorte gjeve av ulike monarkar, frå Edvard I til Georg II. I 1337 oppstod eit opprør i protest mot kontrollen til abbeden over dette marknaden og der fleire munkar vart drepne.

Etter oppløysinga av klostera i England i 1538 kom byen i forfall, og i 1555, ved mottakinga av ein representant for den sørgjelege tilstanden til byen løyvde den katolske dronninga Maria I av England eit charter for å etablere ein borgarmeister (mayor), to lensmenn (bailiffs), tolv sjefsborgarar (chief burgesses), og seksten hjelpeborgarar (secondary burgesses), borgarmeisteren som styrer for marknaden, kronfogd og ein fredsdomar. Eit hospital, Christ's Hospital, opphavleg tilhøyrande lauget Den heilage krossen, som vart nedlagt vart grunna oppløysinga av klostervesenet, vart gjenoppretta med det gamle namnet sitt som eit fattighus i staden for ved kong Edvard VI.

Byrådet hadde fullmakt til å velje ein borgar til parlamentet og denne retten fortsette heilt fram til forordninga om omfordeling av parlamentssete i 1885.

 
Klosteret Abingdon Abbey.

I 1790 vart Abingdon Lock (ei sluse som gjorde det mogeleg å heve båtar) og brakte elvbåttrafikk til byen. I 1810 vart kanalen Wilts and Berks Canal opna og band saman Abingdon med Semington via kanalane Kennet and Avon Canal. Abingdon vart eit viktig knutepunkt mellom store industritettstader som Bristol, London, Birmingham og området Black Country. I 1856 vart jarnbana Abingdon Railway og forbant byen med Great Western Railway ved Didcot. Kanalen Wilts and Berks Canal vart oppgjeve i 1906. Abingdon jernbanestasjon vart stengd for passasjerar i september 1963, men sjølve jarnbana vart halden open for godstrafikk fram til 1984. Den næraste jernbanestasjonen er no Radley, 3 km unna. Den gamle jernbanestasjonen har vorte omfattande utvikla er no eit stort varehus og omgjeve av hundrevis av nye bustader og hus.

Abingdon var fylkesbyen for Berkshire og hadde ein praktfull fylkeshall og rettssal, no eit museum, som var trudd teikna av Christopher Wren. Likevel ved at Abingdon ikkje greidde å utnytte jernbanerevolusjonen og vart berre eit sidespor gjorde at byen vart likestilt med Reading. I 1974, under reorganiseringa av lokalstyret, vart ikkje Abingdon hovudstad for fylket, men administrasjonssetet for det nye distriktet Vale of White Horse.

Kjelder endre

  1. David Nash Ford (2004). «Abingdon». Royal Berkshire History. 

Bakgrunnsstoff endre