Opna hovudmenyen

Abqaiq (arabisk بقيق, Biqayq) er eit inngjerda bustadområde og oljeterminal for Saudi Aramco i Austprovinsen i Saudi-Arabia, ørkenen 60 km sørvest for storbyområdet Dhahran-Dammam-Khobar, og nord for Rub' al-Khali, den nest største sandørkenen i verda, som òg vert kalla «Den tomme fjerdelen». Samfunnet vart bygd i 1940-åra av Aramco (no Saudi Aramco). Abqaiq hadde kring 1 500 innbyggjarar i 2012, men med folkesetnaden utafor Saudi Aramco-området er folketalet nærare 30 000.

Abqaiq
by
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Provins Austprovinsen
Koordinatar 25°56′N 49°40′E
Folketal 44 000 (2005)
Grunnlagd 1940
Borgarmeister Saud bin Nayef Al Saud
Postnummer (5 tal)
Retningsnummer +966-13
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg
Kart over Abqaiq
Kart over Abqaiq

Terrorisme og tryggleikEndra

Abqaiq var åstad for eit forsøk på eit terroriståtak av al-Qaida den 24. februar 2006 med oljeterminalen som mål.[1] Meldinga pressa oljeprisane opp 2 dollar. Øydeleggingane vart haldne attende av Saudi Aramco, som påstod at dei hadde løysingar som gjorde at dei kunne fortsette å produsere olje ved nær maks kapasitet.[2]

Eit moderat til kraftig åtak på Abqaiq kan redusere produksjonen frå 6,8 mill. fat per dag til 1 mill. fat per dag. Hovudføremålet med Abqaiq er å fjerne hydrogensulfid frå råolja og redusere damptrykket, slik at det vert trygt å frakte råolja i tankskip. Abqaiq er det største anlegget i verda for denne prosessen. Eit anna åtak vart stoppa i 2015.

KjelderEndra

  1. «Saudis 'foil oil facility attack'». BBC News. 24. februar 2006. Henta 8. april 2013. 
  2. Al Rodhan, Khalid R. (27. februar 2006). «The Impact of the Abqaiq Attack on SaudiEnergy Security» (PDF). CSIS. Henta 8. april 2013. 

BakgrunnsstoffEndra