Abrakadabra

(Omdirigert frå Abracadabra)

Abrakadabra er ein magisk formel som ein magikar kan uttale når han trollar eller gjer magi for å få ting til å skje. Det kan vere ein teknikk som magikaren nyttar for å få åskodaren til å verte merksam på det som magikaren ønskjer, medan han skjuler visse andre handlingar i framføringa for tilskodaren. Langt tilbake i tid trudde ein at trylleformelen verkeleg hadde magiske krefter.

Etymologi endre

 
Abrakadabra

Opphavet er interessant ettersom abrakadabra ikkje er eit oppdikta ord. Ein teori er at det kjem frå hebraisk הברכה habberakhá, som tydar ‘velsigninga’, medan andre meiner at det kjem frå arameisk אברא כדברא abra kedabra, på norsk omtrent ‘eg skapar når eg talar’.

Eingong fanst amulettar med dette ordet innskrive i triangelform (sjå figuren); desse bar ein som vern mot sjukdom.

Avada kedavra i Harry Potter-bøkene endre

The killing curse i Harry Potter-bøkene er det arameiske avada kedavra, som tyder «eg øydelegg når eg talar», altså det motsette av abra kedabra.

Sjå òg endre