Abstrakt ekspresjonisme

Abstrakt ekspresjonisme, som òg vert omtala som The New York School, var ei kunstnarisk rørsla som dominerte kunsten i Sambandsstatane i tiåra etter andre verdskrigen. Det var den første kunstretninga i Sambandsstatane som fekk internasjonal innflytnad, og flytta sentrum i kunstverda på 1900-talet frå Paris til New York.

CUBI VI av David Smith.
Målaren Arshile Gorky i arbeid.
Action painting, ein type måleri som er typisk for den abstrakte ekspresjonismen.

Omgrepet abstrakt ekspresjonisme vart først brukt om måleria til Vasilij Kandinskij i 1919, men vart seinare brukt for å skildra kunsten til ein gjeng målarar som arbeida i New York på byrjinga av 1940-talet. Kunstnarar som Jackson Pollock og Willem de Kooning produserte ein ny type bilete, der interessa låg i å laga eit bilete som kunne uttrykkja kunstnaren sine indre kjensler. Mange av ideane bak den abstrakte impresjonisme har utgangspunkt i den europeiske ekspresjonismen, men spontaniteten og kreativiteten frå surrealismen inspirerte òg desse kunstnarane.

Sjangeren «abstrakt ekspresjonisme» rommar fleire og ulike stilar og kunstnarar, og fleire av kunstnarane som fell inn under denne karakteristikken var korkje spesielt abstrakte eller spesielt ekspresjonistiske. Action painting, American-style painting og color field var andre omgrep som vart brukte for å skildra denne kunsten.

Den abstrakte ekspresjonismen fekk gjennombrotet sitt i 1951 med ei stor utstilling på Museum og Modern Art i New York. Utstillinga vart kalla Abstract Painting and Sculpture in America. Etter dette vart òg CIA interesserte i den abstrakte impresjonismen, fordi dei meinte han uttrykte ideen om Sambandsstatane som forsvarar for den frie tanken og den frie marknaden. CIA såg på den abstrakte ekspresjonismen som eit mogleg propagandainstrument mot den sosialistiske realismen i Sovjetunionen.

I løpet av 1960-talet mista rørsla den dominerande posisjonen i kunstverda, og vart utfordra og kritisert av nyt kunstretningar som minimalisme, konseptualisme og popkunst.

Viktige kunstnarar innan abstrakt ekspresjonisme endre

Sjå òg endre

Kjelder endre