Minimalisme er ei nemning på ulike rørsler, uttrykksformer og stiltrekk innanfor kunst, arkitektur og design. Minimalistisk kunst og design er kjenneteikna ved ei redusering av form og verkemidlar, ned til det mest fundamentale formale og innhaldsmessige utgangspunkt.

Utan tittel (1984). Betongskulptur av Donald Judd.

Som kunstnerisk rørsle vert minimalismen rekna å ha oppstått i USA på byrjinga av 1960-talet, mellom anna som ei reaksjon mot den dominerande abstrakte ekspresjonismen. Omgrepet er likevel også brukt om tidlegare kunstverk, som suprematismen til kunstnarar som Kasimir Malevitsj. Karakteristisk for den minimalistiske kunsten er bruk av enkle geometriske former, repetisjon, og industrielt framstilte material.

Minimalisme i musikken er gjerne kjenneteikna ved at musikken går og går i ein gjentakande straum.

Viktige namn

endre

Andre kunstnarar som vert assosiert med minimalismen:

Sjå òg

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Minimalisme
  Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.