Abwein
Abwein (arabisk عبوين ) er ein palestinsk landsby i Ramallah og al-Bireh guvernement, kring 37 kilometer nord for Ramallah nord på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde Abwein eit folketal på 6 000 innbyggjarar i 2007.[1] Dei fleste innbyggjarane i Abwein er etterkomarar etter arabarar frå Tafilah i ørkenen i dagens Jordan.[2]
Abwein | |||
عبوين | |||
landsby | |||
Land | Palestina | ||
---|---|---|---|
guvernement | Ramallah og al-Bireh | ||
Koordinatar | 32°1′57″N 35°11′57″E / 32.03250°N 35.19917°E | ||
Areal | 16,2 km² | ||
Folketal | 5 500 (2006)[1] | ||
Borgarmeister | Fatima Sihweil | ||
Abwein 32°01′57″N 35°11′57″E / 32.0325°N 35.199166666667°E | |||
Kart som viser Abwein.
| |||
Wikimedia Commons: Abwein |
Historie
endreLandsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og i 1596 var han oppført i skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 53 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, oliventre, vindruer og frukttre, geiter og/eller bikubar.[3]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen, som han kalla A'youein, i 1870, og estimerte at han hadde kring 300 innbyggjarar. Han noterte at landsbyen hadde rike vasskjelder, vakre valnøtt-tre, og hagar med fiken, oliven og granateple.[4] I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Abwein som ein landsby i ei åsside med ein brunn i sør, og oliventre nedanfor seg i nord.[5]
Det britiske mandatet
endreI ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde 'Abwain eit folketal på 543, alle muslimar.[6] Under folketeljinga i 1931 hadde Ibwein 171 busette hus og eit folketal på 695, framleis alle muslimar.[7]
I 1945 var folketalet 880, alle arabarar, medan det samla landarealet var 15 007 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[8] Av dette var 1 863 for plantasjar og irrigert land, 8 296 for korn,[9] medan 36 mål var klassifisert som utbygde område.[10]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.112.
- ↑ Abwein Municipality - Palestine Arkivert 2021-11-26 ved Wayback Machine. Abwein Municipal Website
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 112.
- ↑ Guérin, 1875, s. 169
- ↑ Conder og Kitchener, 1882, s. 289
- ↑ Barron, 1923, Table VII, Ramallah underdistrikt, s. 16
- ↑ Mills, 1932, s. 49.
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 64
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 111
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 161
- Denne artikkelen bygger på «Abwein» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, Herbert H. (1882). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 2. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Guérin, Victor (1875). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 2: Samarie, pt. 2. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Sharon, Moshe (1997), Corpus Inscriptionum Arabarum Palaestinae, Vol. I, A, BRILL, ISBN 9004108335